Vi er på topp, vi er i Bonn.

Mari Hasle Einang – 31.5.2016

YOUNGO (youth non-governmental organisations) på klimaforhandlingane etter møte med Christiana Figueres og sekretariatet

Stocktake fra mellomforhandlingane i Bonn: Climate queen, APA, SBI, SBSTA, LCD, AILAC, COP, CMP, CMA, CDM, CER, GHG, REDD, INDC's, UNFCCC, CBD, GEF, ISDR, GCF, IAI, WTO, IFAD, WIPO, ESA, GGGI, ICO, ICRAF, IDB, IDLO, IOC, IOM, OHCHR, UNCCD, IFC, IUCN, WMO, IPC, IRENA, ICAD, GCOS og Mari&Sofie...

Hei og hopp,

Eg og Sofie har dei siste dagane heldt til i Bonn i Tyskland og fulgt klimaforhandlingane til UNFCCC. Etter seks dagar på konferanse har vi endelig lært oss halvparten av forkortingane, og vi har blitt kjent med mange av dei andre frivillige som følger forhandlingane.

Bonn Klima Konferanse eller «mellomforhandlingane» er dei møtene som vert heldt mellom COP21 og COP22, for å førebu COP22, og for å sørge for at arbeidet etter Paris avtalen faktisk vert gjort. Konferansen desse dagane har mellom anna hatt fokus på å opprette internasjonale retningslinjer for korleis dei nasjonale måla til landa i avtalen (INDC’s) skal skrivast, rapporterast og evaluerast. I tillegg er det mange møter om menneskerettar, tilpassing, tap og skade osb. for at fattige land kan forsikre seg om at desse punkta i Paris avtalen ikkje forsvinn bak byråkratiet. Dette er første gang partane av Paris avtalen møtest etter COP21 og til dags dato er det berre 17 av 197 land som har ratifisert avtalen.

Som observatør og ungdomsaktivist er det ikkje alt i forhandlingane vi har moglegheit til å vere med på. Meir enn vi ynskjer skjer bak lukka dører. Menn og kvinner i dress spring mellom viktige møter medan vi prøver å tyde kva dei eigentlig meiner når dei har innlegg i dei opne forhandlingane. Inntrykka er mange og uoversiktlige, så det er godt å verte støtta av ein stor norsk gjeng og eit internasjonalt ungdomsnettverk (YOUNGO). Det er inspirerandes å komme hit og møte ungdom frå heile verda som arbeider saman for ei felles sak. Ikkje berre er vi tilstades, men stemma vår vert hørt.

Selfie-time med Spire og LNU delegat Mathilde

I løpet av veka har vi hatt møte med sjølvaste Cfig (Christiana Figueres, avtroppande klimasjef for FN) der vi diskuterte ungdoms tilstedeværelse på COP og spilte bingo. Vidare har vi vert på lobby-møte med den norske delegasjonen og vi har følgt møtene om arbeidet etter Paris.

Ein har ikkje hatt store forhåpningar om at mykje skulle komme ut av mellomforhandlingane i Bonn, så det var ikkje overraskande at dei lange diskusjonane ikkje førte til store substansielle konklusjonar. Som vanlig i klimaforhandlingar har mykje av diskusjonen handla om utslippskutt, klima-tilpassing, finansiering og «likt men differensiert ansvar.»

I Paris gav alle partane av avtalen store lovnadar om kva som skal verte gjort. Men avtalen i seg sjølv har ingen sanksjons makt og det ambisiøse språket gjorde at avtalen er open for tolking. Utvikla land har tatt på seg ansvaret for å samle inn 100 milliard dollar i året til klimafinansiering, men det er ueinigheiter om kor desse pengane skal komme frå og kva dei skal gå til. Dei nasjonale måla for utslippskutt, tilpassing og finansiering (NDC’s) er tilsammen for svake til å nå det globale 1.5 graders målet og denne «bottom-up» tilnærminga med fokus på fleksibilitet for utviklingsland har gjort at det kan verte vanskelig å rapportere om progresjonen til partane.

Diskusjonane om desse problema, saman med andre meir tekniske problem, fikk som venta få konklusjonar i Bonn. Likevel har vi fått eit inntrykk av korleis desse kan verte løyst og det er no viktig at vi, i sivilsamfunnet over heile verda, pressar partane til å vere meir ambisiøse i nasjonale mål og flyttar pengane dit dei trengst. Sjølv om det hittil berre er 17 av 197 partar som har ratifisert avtalen er det grunn til å vere optimistisk og forvente at avtalen vert sett i verk i løpet av dette året eller neste. I tillegg til ratifisering av avtalen og styrking av nasjonale mål innan 2018 må partane ha fokus på «pre-2020 action». Det er anslått at verda, i verste fall, kan bruke opp 1.5 graders karbonkvota innan 2020 noko som betyr at vi ikkje har meir tid å miste til byråkratiske forhandlingar. Det er viktig at COP22 i Marrakech vert ein «Action-COP» og arbeidet i Bonn opprettheld optimismen om at dette er mogleg.

UNFCCC avsluttningsmøte i Chamber Hall