Refleksjonar om fred frå ein colombianar

Jose Luis Munera – 1.12.2016
Colombianar ved tavla på ruinen av ei skule

Berre restane av tavla avslører at desse ruinane var ein skule i San José de Apartadó, Antioquia. (Foto: Anderson Veher)

Jose Luis Munera frå Medellín i Colombia er for tida doktorstipendiat i Norge, og delar tankar om mulig fred i heimlandet sitt med Changemaker.

For nokon frå eit land der det har vore krig i fleirfaldige generasjonar er det vanskelig å førestille seg fred. Min generasjon har ikkje opplevd fred, og det har heller ikkje foreldra, eller besteforeldra mine. Mitt første minne frå galskapen var dødsfallet til ein mann ved navn Pablo Escobar då eg var fem år gammal, og teiknefilm-programmet mitt på TVen vart avbrutt av ei nyheitssending eg ikkje forstod.

På veg til skulen ein morgon to år seinare, i 1995, såg eg at politistasjonen og ein barneheim var øydelagt. Fleire år etter dette fekk eg vite at det var FARC som hadde bomba husa. Dei neste åra dukka døde kroppar opp overalt, heile tida. Eg vart fortalt at det var dei paramilitære styrkene, men eg forstod ikkje kven dei var. Då eg var tenåring fekk eg tilslutt sjå dei. Ein av vennane mine viste meg kven dei var, og eg hugsar at det var rart å sjå at dei ofte sat og drakk kaffi med politiet. Det var ikkje før eg starta å studere Colombias historie at eg forstod rota til problema våre. Dei kom frå myndigheitene si manglande handlekraft og neglisjering av distrikta, samt omfattande korrupsjon og aukande sosiale problem som aldri vart handtert i tide.

Colombia er rikt på naturressursar, men likevel er det få folk i landet som dreg nytte av dei. Uformell arbeidskraft veks, den dyrkbare jorda er samla i hendende til noken få rike. Til tross for krigen har Colombia hatt ein kraftig økonomisk vekst dei siste 15 åra. Det er trist at ulike delar av samfunnet vårt finn mange grunnar til å stoppe freden, men ikkje til å stoppe krigen. Sjølv om resultata av folkeavstemminga fører til usikkerheit om framtida, gir det meg håp å sjå alle folka som tek til gatene for å støtte freden. Vi tenkjer ut nye måtar å bekjempe dei historiske årsakene til krigen, og vi har større fokus på likestilling og sosial rettferd. Der alle sine meiningar vert respekterte.

Fred kjem ikkje frå nokon politiker. Fred høyrer til offera, og dei som aldri har bidrege til krigen. Til dei folka som har tatt til ordet for at slike grusomheiter aldri skal skje igjen, dei som har tatt tilbake landet sitt og byggd opp igjen dei øydelagde husa, skulane, landsbyane og draumane.

Jose Luis Munera er doktorstipendiat ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, og arbeider for tida med eit prosjekt om bærekraftig jordbruk i Zambia. Teksten over vart originalt skrive på engelsk, men er oversett av Mari Hasle Einang.

Denne artikkelen er opprinnelig publisert i Changemakermagasinet 4/2016. Vil du ha magasinet hjem i postkassa fire ganger i året kan du enkelt bli medlem ved å sende CHANGEMAKER til 2242 (koster 50 kroner).