Changemaker lanserte rapport om etikken i Oljefondet

Redaksjonen – 4.10.2012

– Sett makt bak etikken, Johnsen, sa Ingrid Aas Borge, leiar i Changemaker, som i dag lanserte ein rapport om etikk i Oljefondet, med konkrete forslag til forbetring.

Les rapporten: Etikk i Oljefondet - bare butikk og utenrikspolitikk

Under rapportlanseringa i dag var Changemaker-leiaren klar på at finansminister Sigbjørn Johnsen har redusert etikk til å bli eit pent ord, og at han viser ingen vilje til å rette opp i den mangelfulle etiske forvaltninga for Statens Pensjonsfond Utland (Oljefondet).

– Finansministeren bryr seg ikkje om dei etiske retningslinjene når han underfinansierer Etikkrådet og stadig overprøver rådets ferdig utarbeidde tilrådingar om uttrekk frå selskap som bryt med retningslinjene, seier Ingrid Aas Borge.

Det vart blest i media då rapporten kom. Aftenposten følgte grundig opp:
Oljefondetikken dårligere under Sigbjørn Johnsen

Ingrid Aas Borge under rapportlanseringa
Ingrid Aas Borge under rapportlanseringa

Etikkmangel

Rapporten viser til mange døme på etikkmangelen i Oljefondet:

  • Finansdepartementet har i fem tilfelle dei siste tre åra brukt meir enn eitt år på å vurdere Etikkrådets ferdig utarbeidde tilrådingar om uttrekk frå selskap som bryt med fondets etiske retningslinjer. Etikkrådets leiar, Ola Mestad, har tidlegare uttalt at dette er “uheldig”.
  • Etikkrådet er underfinansiert, budsjettet er på 11,6 millionar som tilsvarer berre 0,4% av dei samla utgiftene Norges Bank har til forvaltning, som er på 2,54 milliardar.
  • Det er 8 tilsette Etikkrådets sekretariat, som trass i at dei gjer ein god jobb, har ei uoverkommeleg oppgåve i å passe på etikken når fondet investerer i over 8000 selskap.
  • Med dagens tempo vil det ta 60 år før ein har byrja med innleiande undersøkingar for alle selskapa som Oljefondet har eigarskap i (med det usannsynlege premisset at ingen nye selskap kjem til).

– Dagens etikkforvaltning er som å ha ei av verdas strengaste straffelover som blir handheva av ein av verdas minste politistyrker som i tillegg må be Justisdepartementet om lov kvar gong dei skal arrestere nokon, seier leiar i Changemaker, Ingrid Aas Borge.

Rapporten er ein del av Changemakers kampanje for eit meir Etisk Oljefond

Rapportforfattar Victor Shammas innleier på lansering av "Etikk i Oljefondet" 4. oktober 2012
Rapportforfattar Victor Shammas innleier på lansering av "Etikk i Oljefondet" 4. oktober 2012