Oljefondet går på helsa laus i utviklingsland

Redaksjonen – 31.7.2012

Etisk oljefond-kampanjen ble lansert sommeren 2012, for å igjen å jobbe for at etikk blir prioritert i forvaltningen av Oljefondet.

Statens Pensjonsfond - Utland (Oljefondet) er eit av verdas største investeringsfond. 3500 mrd. kroner er investerte i 8500 selskap. Og det går på helsa laus i utviklingsland.Oljefondet skal sikre mest mogleg pengar for framtidige norske generasjonar.

I 2004 kom det eit Etikkråd for fondet, med etiske retningslinjer som skulle sikre at Norge ikkje tener pengar på menneskerettsbrot, miljø-øydelegging eller rasering av menneskes livsgrunnlag andre stader i verda.Likevel skjer det gong på gong.Menneske får drikkevatnet sitt og matjorda si øydelagt av giftig avfall frå gruveselskap, får skogen sin hogd ned av skoghogsselskap, blir tvangsflytta til fordel for miljø-øydeleggande oljeutvinning, og blir nekta tilgang til livsnødvendige medisinar fordi legemiddelselskapa vil blir rikare og sel medisinane dyrare enn dei fattige har råd til.

Dette er snuskete selskap Norge – og du – tener pengar på.Etikkrådet som skal passe på etikken i selskapa i Oljefondet får ikkje gjort jobben sin godt nok. Nye brot på dei etiske retningslinjene kjem stadig fram. Sjølv når Etikkrådet har funne ut at selskap bryt retningslinjene, og ikkje viser ønske om å forbetre seg, kan finansdepartementet avvise rådets tilråding om uttrekk.

Vi vil ikkje at profitt og politikk skal vere viktigare enn etikk. Changemaker krev difor:

1. At Etikkrådet får myndigheit til å vedta uttrekk frå selskap som bryt menneskerettar.

2. Auka ressursar til det etiske arbeidet i Oljefondet.