Vest-Sahara

Foto: Tiril Høye Rahn

Vest-Sahara blir ofte omtalt som verdas siste koloni. Då landet vart okkupert av Marokko i 1975 flykta over halvparten av innbyggjarane til Algerie. Dei som er att vert utsett for alvorlege menneskerettsbrot.

Changemaker meiner at norske styresmakter må arbeide for ein slutt på den ulovlege okkupasjonen.

Folkeavstemning endå ikkje halden

Før 1976 var Vest-Sahara ein spansk koloni. I tråd med fleire FN-resolusjonar lova den spanske kolonimakta å gjennomføre ei folkeavstemning om sjølvstende allerede på 60-talet. Løftet vart ikkje innfridd, i staden inngjekk Spania ein hemmeleg avtale med Marokko og Mauretania om at dei kunne dele området mellom seg. I løpet av ein lang sjølvstendekrig frå 1975 til 1991 trakk Mauretania seg ut, og Marokko fekk med hjelp av store våpenleveransar frå USA, Frankrike og Saudi-Arabia militær kontroll over det meste av området. Mot slutten av 80-talet innsåg begge partar at dei ikkje kunne vinne på bakken, og FN vart kopla inn. Ei våpenkvile vart inngått, med føresetnad om at det skulle haldast ei folkeavstemning om sjølvstende. Marokko har trenert prosessen med å avgjere kven som har stemmerett, og folkeavstemninga har endå ikkje vorte halden.

Diskriminering og overvakning

I mellomtida lever befolkninga i Vest-Sahara med sterk politiovervaking og stadig trakassering frå marokkansk politi. Dei fleste menneskerettsorganisasjonane er forbodne og må arbeide i det skjulte. Det fins uteljelege videoopptakk av marokkanske politifolk som jagar, bankar opp og arresterer demonstrantar. Det er vanskeleg for saharawiar å få jobb i sitt eige land, sidan marokkanske busetjarar vert favorisert. Saharawiar må reise til Marokko eller andre land for å gå på universitet, og i Marokko opplever dei diskriminering. Det marokkansk-okkuperte Vest-Sahara er eitt av dei ti minst frie områda i verda.

Den andre halvparten av befolkninga, som lever i flyktningleirar i Algerie, er avhengige av matvarehjelp frå naudhjelpsorganisasjonar for å overleve. Her har folk site i over 40 år og venta på å få reise heim.

Får ikkje rapportere om menneskerettsbrot

Saharawiane meiner dei har rett til sjølvbestemming, og dette synspunktet har støtte i FN sine resolusjonar. FN si fredsbevarande styrke i Vest-Sahara, MINURSO, er ansvarlege for å gjennomføre folkeavstemning som lova, men dette har endå ikkje skjedd. Det hadde vore ein god ide om MINURSO kunne rapportere om menneskerettsbrot, og dette har vorte føreslege kvart år dei siste åra, men Frankrike og til dels USA har stoppa desse forslaga. Dermed fins det ikkje noko uavhengig rapportering over menneskerettsbrot i området.

Noregs rolle

Vest-Sahara er rikt på naturressursar, spesielt fisk og fosfat, og kanskje olje. Fleire norske bedrifter driv eller har drive verksemd i det okkuperte området og støttar slik opp om okkupasjonsmakta. I tillegg har Oljefondet investert i fleire selskap som har verksemd i det okkuperte området. Ressursutvinning i ikkje-sjølvstyrte område er i strid med FN-pakta og Havrettskonvensjonen, og Changemaker meiner difor at denne aktiviteten må ta slutt.

Changemaker mener at:

  • Noreg må anerkjenne den saharawiske demokratiske republikken og arbeide for at andre land også skal gjere det.
  • Noreg må legge press på Marokko for å gjennomføre ei folkeavstemming om sjølvråderett for Vest-Sahara.
  • Norske selskap må umiddelbart trekke seg ut av Vest-Sahara.
  • Noreg må trekke ut oljefondsinvesteringar frå selskap som har verksemd i Vest-Sahara.

Artikler