Innsiktstipendet 2014: Vil gjere Oljefondets investeringar mindre fjerne for oss

Redaksjonen – 27.8.2014

Changemakers årlege Innsiktstipend går til journalist Elida Høeg, for å undersøke norske investeringar i kjipt gruveselskap i Peru.


Innsiktstipendet skal støtte tiltak som skaper auka innsikt i forhold som skaper og opprettheld urettferd, fattigdom og menneskerettsbrot. Elida Høeg vart tildelt stipendet for søknaden "Norske interesser mot miljøet i Peru – situasjonen før klimatoppmøtet i Lima"

Vi saksar rett og slett frå den gode søknaden:

I mai for to år siden godkjente komiteene på Stortinget frihandelsavtalen mellom Norge/EFTA og Peru. Avtalen skulle gjøre det enklere for norsk industri å etablere seg i skogene og langs kysten. Veien skulle gjøres åpen for norske næringsinteresser på peruansk territorium: fiskeoppdrett, olje- og gruvedrift. Samtidig foregikk det en innbitt kamp i den peruanske provinsen Espinar. Befolkningen hevdet at kobbergruven Tintaya, eid av det sveitsiske selskapet Xstrata, forurenset drikkevannet og gjorde husdyrene syke. Den lokale kirken gjennomførte undersøkelser som bekreftet lokalbefolkningens bekymringer, men Xstrata avviste alle anklager og krav.

Dette kunne vore starten på ein skummel kriminalroman eller thriller, men er diverre 100% frå verkelegheita. Lokalbefolkninga demonstrerte etter kvart mot miljø-øydeleggingane, men Xstrata og politiet slo hardt ned på det, og fleire vart skada og drepte. Og Oljefondet vårt investerer framleis i Xstrata. Dette skal Innsiktstipend-vinnaren følgje opp i haust, med å reise til Espinar og lage reportasjar frå området, med klimatoppmøtet i Perus hovudstad Lima som bakteppe.

– Få store, svevende utfordringer ned på jorda

Vi stilte vår "stipendiat" Elida nokre spørsmål:

Korleis fekk du vite om Innsiktstipendet?
– Eg vart tipsa av ein studiekamerat som er aktiv i organisasjonen, som sa eg kunne søke med eit prosjekt eg valte selv. Eg synest det er ålreit med såpass opne stipend, og fekk lyst til å søke, seier Høeg.

Kvifor engasjerer Peru-gruveselskapet og klimatoppmøtet deg?
– Klimatoppmøtet i Peru er eit godt høve til å få store, svevande utfordringar ned på jorda. Måten enkelte internasjonale selskap driv på bakkeplan i Peru, er skadeleg for folk og miljø akkurat no, og sånn sett eit bilde på kva slags problem ein står overfor globalt. Eg har lyst til å undersøke lokale problemstillingar i lys av dei internasjonale forhandlingane.

Kva forventar du å finne ut?
Heilt konkret er eg ute etter å finne ut korleis gruveselskapet Xstrata har påverka lokalbefolkninga i provinsen Espinar. Selskapet har fått bøter for mellom anna forurensing av drikkevann, uten at det har tatt skikkeleg ansvar for utsleppa. Eg vil prøve å snakke med familiar i provinsen, og høyre kva dei har å fortelje om situasjonen.

Xstrata-dømet der eit selskap med Oljefonds-investeringar øydelegg livsgrunnlaget for mange fattige er diverre kjente problemstillingar over heile verda. Korleis kan journalistisk arbeid vere med og påverke Oljefondet og betre situasjonen for den ramma lokalbefolkninga?
– Eg trur Oljefondets investeringar ofte kjennest fjerne for folk i Noreg, fordi dei gjerne er indirekte og har konsekvensar i land som er langt borte. Samstundes er det relevant for for oss å vite kva investeringane munnar ut i. Min jobb som journalist er å undersøke forholda, for så å fortelje om dei. På den måten kan journalistikk bidra til informerte beslutningar, avsluttar Innsiktstipend-vinnaren Elida Høeg.

Changemaker gratulerer og ønsker henne lukke til med arbeidet!