Land-for-land-rapportering til Stortinget

Redaksjonen – 14.10.2013

I dag la Finansdepartementet fram sitt forslag til land-for-land-rapportering. Changemaker var på plass på Løvebakken frå tidleg om morgonen for å hjelpe den nye anti-skattesnytelova på veg.

I god tid før kl.08 var om lag 15 changemakerar og ein gjeng frå Attac spreidd rundt Stortinget for å dele ut kaffi og info om land-for-land-rapportering (LLR) til stortingsrepresentantar på veg inn til ein vanleg statsbudsjettdag, trudde dei.

Valen og Ingrid

Stortingsrepresentant Snorre Valen (SV) var ein av dei som fekk kaffi og LLR-info.

Så var det finansministerens tur. Den absolutt siste opptredenen til Sigbjørn "Siggy" Johnsens fanklubb førte til at Siggy (med eit enormt pressekorps på slep) stoppa, tok av seg hatten og gav Changemaker-leiar Ingrid Aas Borge ein god klem. Ingrid kvitterte med å minne ministeren på hans viktige oppdrag om LLR i dag, noko som kan hindre norske selskap i å snyte på skatten i fattige land. Alt hendte på direktesendt TV (spol fram til 44 minutt). Men LLR-forslaget kunne ha vore betre:

Changemaker-leiar Ingrid Aas Borge vil ha hemmelegheitene dine.

Changemaker-leiar Ingrid Aas Borge.

- Det er for mange smutthol der for selskap som absolutt vil snyte på skatten. Forslaget inneheld ingen krav om rapportering frå alle land der selskap har dotterselskap eller ulike støttefunksjonar, så skattejuks via internprising er til dømes lett å halde fram med, seier ein litt skuffa Ingrid Aas Borge.

- Formålet for LLR ifølgje forslaget er heller ikkje å unngå skatteunndraging, men " å bidra til økt åpenhet om virksomheten til foretak som driver med uttak av ikke-fornybare naturressurser" og nokre vage formuleringar om å unngå korrupsjon. Dette er vel og bra, men veldig avgrensa og skuffande i forhold til tidlegare signal og utsagn frå finansministeren, seier Aas Borge.

Håpet er gulblått

På Stortinget er det finanskomiteen som skal ta i mot LLR-forslaget og jobbe vidare med det. Den nye leiaren av finanskomiteen på Stortinget, Hans Olav Syversen (KrF), er ein stor tilhengar av ein god og omfattande LLR, og han har stilt fleire spørsmål til finansministeren om temaet. Og alle dei borgarlege partia har stilt seg bak LLR før i år, under behandlinga av stortingsmeldinga "Å dele for å skape", så det skal vere nok av politisk vilje til å få til ein betre LLR.

- Denne kampen skal Changemaker gjere alt vi kan for å vinne. I løpet av kort tid skal alle stortingsrepresentantar få vite kor rettferdig og viktig dette er for fattige (men òg rike) land, for dette er eit av dei beste tiltaka vi kan innføre mot eitt av dei største hindera for utvikling i dag, seier Ingrid Aas Borge.