Magasin

Millimeteren som vokste seg stor og feit

09.06.2017

Då Israel og Palestina fremforhandla Oslo-avtalen teikna dei opp ein éin millimeter tykk strek på kartet for å dele landet mellom seg. Det skapte litt større utfordringar enn dei tenkte seg - for ein millimeter på kartet blei ganske mykje meir i røynda.

Skrive av Maria Helena K. Nerhus, student ved Bergen Arkitektskole. Foto: Campus in Camps, DAAR

Det er lett å teikne fine former på kart, men nokre handlingar har store konsekvensar. Trass i at linjal, blyant og handteikna kart var bytta ut med digitale verktøy oppstod det eit stort problem då linjer vart trekte for å definere territoria mellom Israel og Palestina under Oslo-prosessen i 1993-95. I røynda vart arealet innanfor linjene sjølv eit stort hol i lovverket, og bidreg fortsatt til å forsterke forskjella mellom dei to statene. Eit arkitektkontor kalla Decolonizing Architecture Art Residency (DAAR), lokalisert i Beit Sahour i Palestina, jobbar med og rundt konsekvensane av kolonisering i nyare tid. Dette gjer dei ved å blant anna skape sosiale knutepunkt i ein usikker kvardag. Gjennom å samarbeide med kunstnarar, lokalmiljø og studentar tilnærmar dei seg det politisk ustabile landskapet på ein ny måte. Prosjekta deira er poetiske, men grundig fundert på undersøking og samtalar med ulike aktører i ulike sosiale posisjonar.

Les også: Et okkupert liv
RAUD GRÅSONE: Her ser me ein illustrasjon av den raude linja som vart teikna opp mellom det som skulle bli A-, B- og C-omåder på Vestbreidden.

Konsekvensene av lovløs linjetrekking

I prosjektet «The Lawless Line» arbeidde DAAR med å framheva dei katastrofale konsekvensane av linjene som vart dradd på kartet over Israel og Palestina under Oslo-prosessen. Inndelinga av dei tre geografiske områda som idag utgjer Vestbredden var laga i større skala og ein tok ikkje hensyn til lokale forhold. Ein tenkte ikkje på om ein drog den raude linja over eit hus, ein hage eller skular. Då innbyggarane måtte innrette seg etter dei oppteikna territoria støtte dei på utallege problem. Den raude linja som på kartet var ein millimeter tjukk vart i verkelegheita ei fleire meter brei gråsone som ikkje fell inn under noko lovverk. Ei linje som skapte uro og konflikt. Ei linje som delte hus i to, der halve huset sto på palestinsk område og den andre delen på israelsk område. Naturlig nok vart det strid om huset, for kven eigde det eigentleg?

Les også: Kommunepenger brukes på okkupasjon og menneskerettsbrudd

DAAR kartla og dokumenterte konsekvensar av denne grensesettinga og I 2010 tilsette dei ein advokat for å føre deira sak i israelsk rett. Han skulle argumentere for at rettsvesenet skulle gje gråsona status som uavhengig frå soneinndelinga av resten av Vestbredden. Advokaten kunne fortelje at nesten alle sakene han arbeidde med omhandla lokale problem relatert til linja, men å argumentere for at heile linja var ein uavhengig sone var eit stort politisk steg. Likevel gjekk dei til retten - ein rettssak dei neppe ville vinne, men som var eit steg i å synleggjere rota til mange konfliktar.

Palestina / Israel

  • I 1993 vart fyrste del av ein lengre fredsavtale kalla Oslo-avtalen mellom Palestina og Israel signert. Det var fyrste steg i fredsprosessen.
  • Det andre steget av fredsprosessen forekom i 1995 då tre typar territorium innanfor Vestbredden vart definerte. Område A falt under Palestina, område B vart kontrollert både av israelsk militære og sivile i Palestina og område C fekk Israel full kontroll over.
  • Frå 1993 til utover 2000 vart 24 700 hus som opprinneleg var palestinske rivne fordi dei sto i grenselandet. Over 50.000 palestinere vart huslause.
  • Infrastrukturar vart ikkje tatt hensyn til i linjeoppteikninga, som skapte diskusjonar rundt til dømes vannforsyningar. Det Israelske militære krevde at alle vannressurser i arealet B skulle tilhøyre den Israelske stat. Ein måtte byrje med forhandlingar mellom Israel og dei palestinske myndigheitane som arbeider med vann (PWA) for å kunne å utvikle ein vannsektor i Palestina.
  • Nærmere 2000-tallet kollapsa fredsprosessen då spenninga mellom Israel og dei Palestinske myndigheitene forverra seg.
  • 20 år etter kunngjorde dei palestinske selvstyremyndigheitene, med presidenten i spissen, at dei ikkje lenger kjende seg forplikta til avtalen.

Eit parlamentsbygg delt på midten

Eit politisk initiativ som starta i dei optimistiske tidene i byrjinga av Oslo-prosessen, står igjen som eit sterkt symbol på fredsprosessen som ikkje klarte å føre fram. Det er den forlatne palestinske parlamentsbygningen i Jerusalem. Den vart aldri teken i bruk, og prosjektet forfalt saman med håpet om ein sjølvstendig stat for palestinarane. I 2011 fikk DAAR interesse for denne underfundige bygningen som hadde husa store ambisjonar. Grenselinja går nemleg rett igjennom bygningen. Største del av bygningsarealet ligg på palestinsk-kontrollert område, men ein tynn stripe i gråsonen viser at det eine hjørnet kryssar israelsk grenseland, trass i at Israelsk lov forbyr palestinske politiske institusjonar i byen.

Les også: Changemaker sin uttalelse om Palestina

DAAR var inspirert av den solidariske ryddeaksjonen på Tahrir-plassen i Kairo i 2011, der nabolaget gjekk ut og vaska, rydda og reparerte den offentlige plassen for å vinne tilbake det kollektive eigarskapet etter 18 dagar med opptøyar. Saman med 15 studentar og kunstnarar nytta DAAR same metode for å aktivisere befolkninga og invitere til nytt liv i den døde parlamentsbygninga. Nøye og med omhug måla dei opp linja i 1:1-målestokk, for så å ta fatt i kosten og koste fram linja i alt støvet. Resultatet viste ei klar, lys og rein linje i kontrast til haugane av restematerialar etter byggeprosessen og ti år med oppsamla søt og lort. Denne gesten skapte ein sterk visuell framstilling og tok opp igjen eit ønske og eit behov for å få ei felles politisk forsamling for alle palestinarar.

Eit betongtelt for tryggleik

Etter Israel var oppretta i 1948 braut det ut krig mellom dei og deira arabiske naboar. mellom 700 og 800 000 palestinarar måtte flykte frå heimen sin. nesten sytti år seinare bur 1,5 millionar palestinarar framleis i flyktningleire. Mange av dei tenker at flyktningeleiren er ein midlertidig ventestasjon før ein tek toget til neste stasjon eller kan dra heim igjen, men i tilfellet med Palestina har prosessen dradd ut over generasjonar. Det midlertidige vert med tida det faste og kjente. Då har det vore viktig å skape verdi og ein gjevande kvardag innanfor dei rammene ein har. Eit slikt prosjekt som DAAR har heiter «Concrete Tent» - betongtelt. Ved å bygge ein teltkonstruksjon av eit statisk materiale som betong vert prosjektet eit sterkt symbol på det paradoksale med den permanente midlertidigheita. Det uflyttbare teltet fungerer som ein open plattform for lærdom og har fått ein lokal eigenverdi som samlingspunkt for debatt og refleksjonar. Konstruksjonen er eit fast tilbod i ein usikker situasjon - ein stad for å samlast for å dele draumar og nyskapande idear.

Changemaker mener

  • Changemaker oppfordrer til bred økonomisk, kulturell og akademisk boikott, sanksjonering og deinvestering. Målet er å legge press på Israel for å få det til å respektere grunnleggende menneskerettigheter, rette seg etter de mange FN- resolusjonene og handle i overensstemmelse med internasjonal lov.
  • Vi mener at Norge, gjennom Oljefondets investeringer i Israel tjener på og bidrar til å opprettholde og legitimere en ulovlig okkupasjon, og i tråd med BDS krever vi derfor at disse trekkes tilbake.
  • Norge må også jobbe internasjonalt for tilslutning til BDS og for at det utøves større press overfor Israel.