7376 hjarteleg engasjerte kan ikkje ta feil

Redaksjonen – 20.2.2013

Changemaker, med leiar Ingrid Aas Borge i spissen, møtte opp utafor Finansdepartementet på valentinsdagen med håp om eit meir etisk oljefond, og færre knuste hjarte.

På valentinsdagen torsdag 14.februar overleverte Changemaker 7376 underskrifter til Finansdepartementet med krav om eit meir etisk oljefond. Rundt 25 changemakerar stilte med hjarteplakatar og spurte statssekretær Hilde Singsaas (Ap) i om ho vil gje meir makt og ressursar til den etiske forvaltninga av Oljefondet.

– Det knuser hjarta våre at vi som er unge i dag, framtidas pensjonistar, skal få pensjonar som er tent på kostnad av fattige menneskes liv og helse. Vi ser gong på gong at Oljefondet investerer i verstingselskap som bryt menneskerettar i utviklingsland. Det er vår framtid det er snakk om. Vi forventar at vi blir høyrt når vi krev ein pensjon tent på etisk vis, sa Ingrid Aas Borge, leiar i Changemaker.

Skikkelig giraaaaa Ingrid Aas Borge på oppstartshelg


Ingrid Aas Borge, leiar i Changemaker

Statssekretæren svarte først med å skryte av Changemaker.

– Det er ikkje så veldig mykje offentleg debatt om forvaltninga, med tanke på alle dei milliardane som forvaltast. Men vi set pris på at vi har sånne som dykk som set dykk grundig inn i forvaltninga, har stor kunnskap om Oljefondet og at de kjem med konstruktive og gode innspel. Det betyr noko for både den offentlege debatten og for det arbeidet vi skal gjere, sa Hilde Singsaas.

Men Singsaas viste ikkje så mykje politisk vilje til å gå for eit meir etisk oljefond ved å støtte Changemakers krav om meir ressursar og makt til Etikkrådet i fondet.

- Der veit eg at de har eit anna synspunkt, men vi meiner at beslutninga bør ligge hjå oss, sa statssekretær Singsaas, vel vitande om at Changemakers rapport om etikk i Oljefondet frå oktober i fjor avslørte mellom anna mange saker der Finansdepartementet brukte nesten to år på å (re)vurdere Etikkrådets grundige arbeid, og at det er fleire saker der dei har avvist Etikkrådets tilrådingar.

Trass i at Changemaker-hjarta vart knuste av statssekretæren på valentinsdagen, var det eit par dagar seinare likevel håp for ein lukkeleg, og etisk, slutt. Ungdomspartiet til finansministeren og Hilde Singsaas, AUF, gjekk tysdag 19.februar ut og støtta eitt av krava til Changemakers kampanje.

- Møtet med Finansdepartementet viser at vi framleis har ein jobb å gjere for å få til eit meir etisk oljefond. Men vi er der snart! No har vi jo landets største ungdomsparti med i kampen for at Oljefondet skal slutte å gå på helsa laus i utviklingsland, seier Ingrid Aas Borge, leiar i Changemaker.