Alle ungdomsparti vil stanse norsk diktatoreksport!

Redaksjonen – 13.8.2014

Medan Erna Solberg og regjeringa held fram med å selje våpen til autoritære regime, seier alle ungdomspartileiarane "stans!" til diktatoreksporten. På Arendalsuka stiller alle ungdomspartileiarar seg bak Changemakers kampanje.

Changemaker er på plass på Arendalsuka og delte ut kake for å vise at alle får ein bit av ”kaka” når Noreg eksporterer våpen til autoritære regime. Alle u-partileiarane stiller seg bak Changemakers kampanje for å få ein slutt på den menneskerettsbrytande eksporten til undertrykkande regime. Dei politiske ungdomsleiarane er einige i løysingane Changemaker presenterer, og vil jobbe for å skape ein debatt om dette både internt i sine parti og i offentlegheita for å få orden på våpeneksporten.

Diktatoreksport på Arendalsuka

– Ungdomspartileiarane er denne veka samla i Arendal for å diskutere grunnlova og det norske demokratiet. Men det er alt for lite debatt om den norske våpeneksporten til autoritære regime, seier Hanne Sofie Lindahl, leiar i Changemaker.

Trass i eit regelverk som seier at norske våpen ikkje skal eksporterast til land som bryt menneskerettane og driv med myndigheitsovervaking, godkjenner norske myndigheiter søknader frå norske våpenfabrikkar om å eksportere krigsmateriell til regime som Saudi-Arabia og Qatar. Tidlegare i år fekk den statleg eigde Kongsberggruppen godkjent ein milliardkontrakt for eksport av rakettsystem til Oman.

– Oman er eit land som skrapar botnen av lister over land som respekterer menneskerettane, òg eg synest det er for dårleg at politikarane ikkje protesterer når regelverket ikkje blir følgt. Godkjenningane foregår utan debatt på Stortinget og dette må endrast. Stortinget må ansvarlegjerast og ungdomspartileiarane har her ei stor moglegheit til å vere med å stanse våpeneksporten til autoritære regime, fortel Hanne Sofie Lindahl.

KakeDiktatorErna

Alle får framleis ein del av kaka - diktatorar òg.

Sjå fleire bilde frå Arendal her!

Feire grunnlov og folkestyre – berre i Noreg?

– Samstundes som Noreg feirer grunnlov og folkestyre, fråtek vi andre menneske moglegheita til å skape sitt eige demokrati. Gjennom norsk våpeneksport til autoritære regime bidreg Noreg til å undergrave menneskerettar og auke den militære kapasiteteten til autoritære regime, seier Changemaker-leiar Lindahl.

Eksportkontrollmeldinga som inneber ei oversikt over alle land Noreg har eksportert til må kome mykje tidlegare. I dag kjem eksportkontrollmeldinga over eit halvt år etter at eksportåret er omme, og det tek enda mange månader før eksporten blir debattert på Stortinget. I praksis betyr dette at kva for land vi eksporterer til i beste fall diskuteres nesten eitt og eit halvt år etter eksportåret. Dette er eit demokratisk problem, då debatten ikkje har ei reell innverknad på eksporten. Skaden kan allereie ha skjedd og norske våpen kan ha bidratt til menneskerettsbrot og undertrykking allereie før Stortinget diskuterer om eksporten bør finne stad.

Kontakt: Hanne Sofie Lindahl, leiar i Changemaker, på hsl@nca.no, tlf. 98246441