Autonome våpen ut av oljefondet

Markus Frislid – 25.6.2020

​Hurra! Changemaker har fått gjennomslag for eit meir ansvarleg oljefond! Då etikkutvalet la fram sin rapport 15. juni, anbefalte dei at statens pensjonsfond utland (SPU) ikkje skal investere i selskap som produserer autonome våpen.

I 2019 satt regjeringa ned eit utval som skulle gå gjennom retningslinjene til oljefondet, da korleis ein skal passe på at investeringane til oljefondet er etisk nok. Etter 1 års arbeid kom utvalet med si anbefaling 15. Juni. Her kom dei med nye forslag til kva som er grunnlag for utestengelse frå fondet. Oljefondet er blant verdas største fond og har ein samla verdi ca. 10 300 milliardar kroner! I dag eig dei ca. 1,5% av alle selskap i heile verda! Og som ein så stor investor, så følger det også med eit stort ansvar.

Krigsmateriell og SPU

Oljefondet kan, i følgje retningslinjene, trekke ut investeringar basert på etiske normer eller produkt som ei bedrift produserer. I dag er det produktkrav på tobakk, kull og diverse våpen. Changemaker har lenge tatt til orde for at oljefondet må framstå som ein etisk investor, og endeleg lyttar politikarane på oss og andre organisasjonar! Etikkutvalet ønsker å ha eit produktkrav på autonome våpen! Det betyr at selskaper som tek del i utvikling og produsering av slike våpen, er ikkje tillatt å investere i for oljefondet. Det er ein skikkeleg stor seier for eit meir ansvarlig og etisk oljefond. For den store utfordringa med autonome våpensystem, som ikkje finst med andre våpentypar, er mangel på menneskeleg kontroll. Dei drep utan noko hensyn til kven ein er, den finn målet sitt gjennom logaritmar. Om det skulle vere feil person som blir målet, så kan ein stille seg spørsmålet, kven står til ansvar? Det var jo ingen som drepte den personen, berre ei datamaskin. Det er mange usvarte etiske dilemma om autonome våpen, derfor er det bra at oljefondet tek eit standpunkt i denne saka!

Påvirkning nytter

Rapporten til etikkutvalet innhaldt også fleire andre tema som Changemaker jobbar med. På handelsffronten er det føreslått at FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar (UNGP) skal inn i mandatet til Noregs bank. Dette for å vise god forvaltning av banken. Det viser at innsatsen til Changemaker om eit meir etisk næringsliv faktisk funkar!

På klima derimot var det lite nytt som utvalet la på bordet. Dei kom ikkje med nokre nye krav for å trekke ut investeringar frå selskap basert på klima. I 2015 blei det bestemt at bedrifter som har meir enn 30% inntekt basert på kull fell under produktkravet. I etterkant verkar det som at kullkravet har hatt lite effekt i praksis.

Framover så blir det høringar på stortinget om rapporten til utvalet, før Stortinget skal vedta nye retningslinjer i 2021. Changemaker skal fortsette å jobbe for eit meir ansvarlig oljefond, at gjennomslaget på droner består og at klima skal bli enda viktigare i forvaltninga av oljefondet.