Ber Stortinget innføre «Google-skatt»

Redaksjonen – 7.2.2018

OPPDATERE: Siden sommeren har Changemaker jobbet med å få politikerne til å oppdatere skattesystemet, sånn at store selskaper ikke kan stikke unna skatten.

Miljøpartiet dei Grøne foreslår i Stortinget å innføre ein skatt på digitale teknologibedrifter. Forslaget har no vore ute på høyring. Nestleiar i Changemaker, Håvard Skogerbø snakka for Finanskomiteen om kor viktig det er å ta kapitalflukta på alvor.

– I 2016 tjente Google 2,5 mrd. kroner i Noreg, men betalte berre 2,9 mill. kroner i skatt, altså litt over 0,01 prosent. Her er det openbart at det er noko som ikkje stemmer, seier Skogerbø.

I haust har Changemaker hatt kampanja Skatt 2.0, der me har bedt politikarane om å oppdatere skattesystemet for å tilpasse seg dagens situasjon. Få stader er det like tydeleg som i skattlegginga av teknologigigantane som Google, Apple og Facebook. Medan tradisjonelle selskap ofte inneheld handel med faktiske, fysiske produkt, sel Google og Facebook tenester som er digitale og ikkje treng å flytte over landegrenser. Det gjer det svært vanskeleg å finne ut korleis tenestene deira, det de skaper av verdi, og informasjonen dei sel, skapast og kor dei vert brukt. For å kunne skattlegge eit selskap treng me å nettopp vite denne typen informasjon. Skattesystemet me har i dag heng rett og slett ikkje med.

- Ikkje nok med små tiltak

MDG har forstått at det ikkje nyttar med små tiltak, og seier at man no må bevege seg mot ein meir einskapleg skattlegging - der en tetter hola i skattesystemet med å se alle delane av eit selskap som eitt selskap framfor mange små delar slik en gjer i dag. Under høringa i dag ba Changemaker Stortinget vere tøffe og utgreie ei slik skattlegging.

- Ein kan innføre så mange små-tiltak ein vil, men det er berre som å sette plaster på eitt sår. Alle ser at om ein skal verkeleg gjere noko med kapitalflukta treng me ein meir einskapleg form for skattlegging. Berre då kan me klare å tette hola i skattesystemet, seier Skogerbø.

Meir skatteflukt enn bistand

Changemaker er tydelige på kva som trengs for å stoppe kapitalflukta som tappar land for ca 600 mrd. dollar i skatteinntekter, altså 5300 mrd. norske kroner, kvart år.

- At selskapa betaler skatten slik dei skal er viktig her i Noreg, men endå viktigare for låg- og mellominnntektsland. Hadde desse landa fått tilgang til skatten dei har krav på hadde dei ikkje hatt behov for bistand. Det er difor naudsamt å stoppe kapitalflukta om vi skal nå berekraftsmåla innan 2030, noko Norge har forplikta seg til, seier Skogerbø.