Må sette inn større innsats mot aids

Karoline Hasle Einang – 1.12.2017

Aktørar verda over har satt inn store ressursar for å minske hiv-smitte og behandle så mange som mogleg, men vi har likevel ein lang veg å gå.

«Sikre god helse og fremme livskvalitet for alle, uansett alder» står det i FNs bærekraftsmål nummer tre. Det er eit stort mål. Under målet er det presisert at epidemien av aids skal stansast innan 2030. Det er også eit stort mål. Aktørar verda over har satt inn store ressursar for å minske hiv-smitte og behandle så mange som mogleg, men vi har likevel ein lang veg å gå.

Mellom 2000 og 2016 minska antall smitta med 39% frå tidligare perioder. WHO antek at omtrentleg halvparten av alle med hiv får behandling med antiretroviral medikasjon (ARV), som gjer at dei kan leve tilnærma normale liv utan å vere smittefarlege. Det er ikkje berre å ta ei pille. Det krever også god hygiene og ernæring for å hindre uheldige bivirkningar, noko som ikkje alltid er like enkelt å gjennomføre i fattigdom.

Hiv og aids er eit komplekst problem. Dei aller fleste med hiv lev i fattige land, hovudsakleg på det afrikanske kontinent. Ofte har desse landa dårleg utbygde helsevesen og mangel på infrastruktur. I tillegg strekker problematikken rundt hiv og aids seg langt forbi diagnostisering og distribuering av antiretroviral medikasjon. Kvinner har dårlegare tilgang til helsevesen, og mangel på reint vatn gjer hygiene vanskeleg. Mangel på kunnskap om kroppen aukar risikoen for helseplager. Det er også eit alvorleg problem at presidenten i Sør-Afrika meiner du kan dusje av deg viruset og at heksedoktorar trur samleie med ei jomfru gjer deg frisk .

Det er store mål vi skal nå innan 2030. Over heile verda markerast 1. desember som verdas aidsdag, for å minne oss om at vi har kome langt, men at vi ikkje er i mål. Stega på vegen inkluderar undervisning og informasjonsarbeid for å få bukt med alvorleg stigma rundt sjudommen, som for mange er like skadeleg som viruset sjølv. Det inkluderar å arbeide for likestilling og få med kvinner lokalt i arbeidet for å stanse aids. Slik kan vi sette ein stopper for at kvinner blir smitta eller går glipp av behandling som resultat av mangel på likestilling. Det inkluderar også å arbeide saman med lokale og religiøse leiarar for å hindre at hiv-diagnosen kjem hand i hand med skam og stigma. Dette er dei neste stega på vegen mot ei aidsfri verd, som også norske politikarar må vere med å ta. Vi treng dei på vegen mot store mål innan 2030.