3 milliardar mennsker skal få det betre

Karoline Hasle Einang – 26.5.2018

Fra venstre: Maria Hindahl (Changemaker), Karoline Hasle Einang (Changemaker) Helseminditer Bent Høye (H) og Emma Lengle (Medisinstudentforeningen) på World Health Assembly i Genève

Utsegnet kjem frå Verdas Helseorganisasjon. Changemaker er på plass under World Health Assembly og bloggar om korleis utsegnet kan bli ein realitet.

Skrevet av Karoline Halse Einang og Maria Hindahl, medlemmer i Changemakers politiske utvalg for Global Helse

I år feirer verdens helseorganisasjon (WHO) 70 år, og i åpninga av si 71. verdensforsamling stemmer helseministere, delegater, organisasjonsledere og frivillige i ein noko sur ”happy birthday”. Denne pinsedagen er ein stor og viktig dag. Alt er nytt; generalsekretæren er ny, planen for framtida er ny, det er no vi skal klare å nå måla vi har arbeida mot i fleire år. Tanken har nok vore tenkt før, men når generalsekretær Dr. Tedros legg fram sin ”three billion target”-plan får man ei kjensle av at mykje bra vil kunne skje.

WHO har utarbeida ein arbeidsplan kalla ”three billion target” eller på fint ”General Working Plan” (GPW13) som legg føringa for arbeidet med global helse for dei neste fem åra. Planen inneheld tre prioriteringar for å sikre helse og friske liv for alle, uansett alder. 1 milliard fleire mennesker skal få utnytte universell helsedekning, 1 milliard fleire mennesker skal bli betre beskytta frå helserelaterte kriser, og 1 milliard fleire mennesker skal oppleve betre helse og velvære. Den eine inkluderer den andre, og mykje er inkludert under dei tre.

I sine uttalelsar i WHA (World Health Assembly; verdens helsetoppmøte) går helseminister Høie og Noreg i bresjen for at organisasjonen og medlemslanda skal utarbeide ein handlingsplan for arbeidet mot universell helsedekning og slik kunne nå bærekraftsmål nummer 3 innan 2030. Under bærekraftsmål nummer 3 er behovet for tilgang til medisin spesifisert. Det er derfor heilt avgjerande at Høie prioriterer fokuset på tilgang på medisin i sin handlingsplan som eit ledd i arbeidet for å nå desse måla.

Fram mot neste WHA i mai 2019 har organisasjonen sagt at det skal utarbeides ein kjøreplan for arbeidet med tilgang til medisin. Forslaget som føreligg i WHO i dag inneheld hovudsaklig tomme ord. For at arbeidet skal vere mogleg er det viktig at medlemslanda legg fram eit klart mandat til sekretariatet for inneholdet i slik kjøreplan. Ei arbeidsgruppe i FN (UNHLP) gav i 2016 ut ein rapport som gir klare anbefalingar for korleis arbeidet for tilgang til medisin bør foregå. Blant anbefalingane påpeiker UNHLP blant anna viktigheita i å sikre ei avkobling mellom prisen på medisinsk forskning og prisen på sluttproduktet. For at dette skal vere mogleg må medlemslandene legge press på legemiddelindustrien til å gå inn for større åpenhet rundt forskning, pris og patenter. Det er også nødvendig at unntaksbestemmelsar i TRIPS-avtalen blir enklare å bruke, og at man legg til rette for at landa skal kunne utnytte desse som ein naturlig del av handelsavtalen.

Det er flott at Noreg går foran og krever ein plan for handling frå WHO, men for å sikre at resultatet ikkje blir enda fleire tomme ord på eit papir er det viktig at handlingplanen er konkret og klar i sitt formål. Det er avgjerande at den tek for seg eit breidt antall aspekt for å favne om alle sider av helse for alle, globalt, i alle alderer.

Changemaker har i mange år jobbet med tilgang til medisiner. Les mer om arbeidet her.

Fra venstre: Maria Hindahl og Karoline Halse Einang foran bærekraftsmålene. Skal vi oppbå bærekraftsmålene innen 20130 må tilgang til nødvendig medisin sikres.