Changemakers kommentar til statsbudsjettet 2019

Mari Hasle Einang – 11.10.2018

1% av BNI til utvikling, likevel bidreg Noreg meir til krig, klimaendingar og brot på menneskerettane i gjennom statsbudsjettet for 2019.

I går la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2019. Her kjem dei med fleire forslag som viser at dei tek tak i ein del viktige saker. Samtidig er det eit budsjett som viser tydelig at regjeringen ikkje ynskjer å ta tak i dei store utfordringane som skaper urett i verda. Vi treng eit budsjett som viser at Noreg tek globalt ansvar og styrer mot den retning vi ynskjer verda skal gå i; fordi det vi bestemmer her i Noreg får store konsekvensar ute i verda - både positive og negative. Her er difor våre ti punkt med ros og ris til regjeringen.

Ros

  • 1% av brutto nasjonal indeks til utvikling. Endelig har Noreg oppnådd kravet til stortinget om bistandsprosenten. Med ei auke på 7% frå fjoråret kjem no heile 37,8 milliarder kroner til å bli brukt på utviklingsarbeid. Dette var på tide, godt jobba!
  • Auka klimafinansieringI det utvida budsjettet går nye midler til både utvikling av fornybar energi og til arbeid for tilpassing til klimaendingane. Nye midler går også til å dekke konsekvensane av klimaendingane. Dette er ein viktig del av ansvaret Noreg har under Parisavtalen.
  • Auka støtte til arbeid mot skattesnusk. Regjeringa har valgt å gi meir midler til arbeid mot skattesnusk og jobbar for å hjelpe utviklingsland å kreve rettferdig skatt fra store selskap.
  • Auka støtte til arbeid mot kjønnsbasert vald. Ferske pengar går også til å arbeide mot kjønnsbasert vald, og spesielt for å styrke unge kvinners seksuelle og reproduktive helse rettigheiter. Noreg sitt fokus på dette arbeidet er i tråd med arbeidet til årets vinnarar av Nobels fredspris, Nadia Murad og Denis Mukwege.

Ris

  • Satser framleis på sal av krigsmateriell til diktaturer. Det utvida utviklingsbudsjettet gjev meir pengar til bistand i konfliktområder. Samtidig legg statsbudsjettet opp til ei framleis vekst i næringa som støttar krig. Noreg held fram med å selge krigsmateriell til autoritære regimer og dermed legitimerer Noreg krig og brot på menneskerettane. Noreg bryt alle moralske kompass og tjener pengar på det same som ein prøver å motarbeide.
  • Satser på 3-4 graders global oppvarming. Samtidig som Noreg vil finansiere tiltak for fornybar energi i utlandet legg regjeringas statsbudsjett for 2019 opp til at Noreg ikkje når vårt nasjonale mål. Politikken er på kollisjonskurs med den nye 1,5 graders rapporten til FNs klimapanel som krev strukturendring. Noreg tek ikkje sitt ansvar og norsk klimapolitikk er dobbeltmoralsk.
  • Satser ikkje på einskapleg skattlegging. Hjelp til å kreve skatt er ikkje nok når skattesystemet er utdatert og internasjonale selskap lett kan gøyme pengar i skatteparadis. Regjeringa veit at skattesystemet må oppdaterast, men likevel tør dei ikkje å statse på einskapleg skattlegging.
  • Satsar ikkje på menneskerettar. I statsbudsjettet satsar regjeringa på næringslivet si rolle i utvikling. Men, regjeringa tørr ikkje kreve at bedrifter skal vere ansvarlege og aktsomme. Noreg set ingen krav om at næringslivet skal respektere og promotere menneskerettar. Og Noreg sin politikk kan føre til brot på rettar, og utnytting av menneskjer og naturen.
  • Satser på plasterpolitikk. Det er rett og viktig å hjelpe menneskjer som har blitt utsett for kjønnsbasert vald. Men om ein ikkje gjer noko for å stoppe valdsutøvaren, eller endre strukturen som gjer at kjønnsbasert vald systematisk vert bruk som våpen i krig, så stoppar ein ikkje problemet. Noreg må tørre å satse på ein politikk som ikkje berre set plaster på såra, men som endrar strukturane som skaper vald og urett.
  • Satser ikkje på å endre dei grunnleggjande årsakene til urett. Statsbudsjettet for 2019 viser at Noreg ikkje tørr å satse på ein politikk som er samstemt for utvikling. Budsjettet heng ikkje saman, då ein på ei side gjev pengar til fredsarbeid, men på ei anna tjener pengar på krig. Der ein på ei side gjev klimafinansiering, men på ei anna satsar på fossil energi. Der ein på ei side legg plaster på såra og prøver å hjelpe menneskjer å takle og motarbeide konsekvensane av urettferdige strukturar, men på den andre sida opprettheld dei same grunnleggjande årsakene til urett.