- Detta får vi tell!

Redaksjonen – 2.3.2012

Siggy-kampanjen når nye høgder! Fanklubben møtte finansministeren på veg til statsråd på Slottet – og Siggy stoppa og sa at vi får tell land-for-land-rapportering.

Changemaker-leiar Markus Nilsen var mellom dei heldig som fekk ta Siggy i handa, og klarte såvidt å stotre fram "diggar deg" og "land-for-land", som Siggy smilte og svarte "Detta får vi tell" på.

– For ein mann altså. Blir forsinka til møte med kongen og statsministeren for å helse på fansen. Og attpåtil lovte han oss å få til land-for-land-rapportering, seier Markus etter å ha komme seg etter sjokket.

Under følgjer eit kronologisk bildekalas