​Droner og autonome våpen

Med eit tastetrykk kan ein fjernstyrt militær drone føre krig på den andre sida av jorda. Med kunstig intelligens kan drapsrobotar på eigen hand velgje å gå til angrep. Vi kan ikkje tillate ei slik utvikling der terskelen for bruk av militærmakt vert seinka.

Ein militær drone er eit ubemanna flyvåpen som fjernstyrast. Piloten kan sitja på andre sida av jorda og utføre angrep. I dag er det i hovudsak USA, Storbritannia og Israel som har brukt militære droner i konflikt.

Autonome våpen er maskiner som sjølv analyserar situasjonar og vurderer om eit angrep skal gjennomførast eller ikkje. Utviklinga me ser av denne teknologien er skremmande, og bidreg ikkje til å skapa ei fredeleg verd. Det vil bli enklare for land som bruker droner og autonome våpen å gå inn i krig, ettersom de vil miste færre soldatar.

Bruken av militære droner reiser grunnleggende etiske, juridiske og humanitære spørsmål. Når maskiner sjølv bestemmer om den skal gjere eit angrep, fjernar ein den menneskelege og etiske vurderinga. Når personen som styrer drona er langt frå sjølve verkelegheita, kan det vere enklare å vurdere angrepet som en mindre alvorleg handling.

Manglande regelverk

Dagens internasjonale regelverk er ikkje eigna til å regulere konfliktar med verken droner eller autonome våpen. Det har vore lite framdrift i diskusjonane om reguleringa av autonome våpen, men det er ikkje tvil om at kombinasjonen av kunstig intelligens og våpen utgjer ein krigsrevolusjon me ikkje ønskjer. Fleire av verdens leiande ekspertar på teknologi, mellom anna Elon Musk, har allereie åtvara mot utviklinga i eit opent brev til FN.

Regjeringa har forsikra at Noreg vil ta ein aktiv rolle i arbeidet med å få på plass eit godt internasjonalt regelverk, men løysinga må vere å ta eit endå tydelegare standpunkt mot utviklinga. Det er vanskeleg å reversere ei utvikling, og vi må legge oss på ei streng linje for eit tydeleg regelverk som forbyr slike våpen, før det er for seint.

Changemaker meiner at:

  • Bruken av militære droner senker terskelen for bruk av militær makt og anvendelsen av militære droner er ikke regulert i folkeretten. Utvikling og produksjon av militære droner må derfor stoppes.
  • Norge må være en aktiv pådriver for at anvendelsen av droner skal være underlagt internasjonal rett på lik linje som annen våpenbruk og produksjon.
  • Norske myndigheter må ta avstand fra krig med autonome våpen, ved å stoppe norske aktører sitt bidrag til utvikling og produksjon, og avslutte finansieringen, av droneteknologi ment for krig.
  • Drapsroboter bør forbys gjennom FN. Norge bør støtte opp om og ta en aktiv rolle i initiativet under FNs Våpenkonvensjon (Convention on Certain Conventional Weapons, CCW) og produksjon av drapsroboter bør medføre produktbasert utelukkelse fra SPU.

Vil du støtte vårt arbeid for en fredleligere verden? Bli medlem i Changemaker eller gi et fast månedlig beløp.