Okkupasjon

OKKUPASJON: En palestinsk mann fra landsbyen Bi'lin står og ser ut over byggingen av ulovlige israelske bosettinger på landsbyen sitt land. Der muren og bosettingene bygges sto det en stor olivenlund tidligere. Foto: Anne Sofie L. Bergvall

Okkupasjon er i strid med folkeretten, og er eit brot på ein stats suverenitet. I dag ser vi at fleire land har vert okkupert i mange år. Changemaker krev at det stansar.

Okkuperte områder og utfordringar

Okkupasjon er når eit land legg under seg ein anna stats område. Okkupasjon er i strid med folkeretten, og er eit brot på ein stats suverenitet. Ein okkupasjon skal vere ein midlertidig tilstand, men i dag finnest det områder som har vore okkupert i fleire tiår. Mest alvorleg er situasjonane i Palestina og Vest-Sahara. Okkupasjon er undertrykkelse av befolkningen i det okkuperte landet og det er fleire eksempel på vald mot og undertrykking av det okkuperte folket. Ifølge folkeretten har eit okkupert folk rett til å yte motstand mot okkupasjonen, og dette ser man skjer i ulike former.

Okkupasjon er eit hinder for utvikling og har store konsekvensar for dei sivile. Folk blir sendt på flukt og born får ikkje oppveksten dei har krav på. For å skape ei meir rettferdig verd må ein frigjere okkuperte områder og bygge områda opp, ikkje ned gjennom okkupasjon.

Den israelske okkupasjonen av Palestina

Konflikten mellom Israel og Palestina har vedvart sidan 1948 og okkupasjonen av Palestina starta for over 50 år sidan. Det har stadig vore oppblusningar i konflikten mellom områda, fleire opprør frå palestinarane, rakettåtak frå begge sider og vald mot sivile. I tillegg driv Israel ein aktiv busetnandsutbygging i dei okkuperte områda, noko som bidreg til å svekke ei palestinsk statsoppretting. Til no har 137 av 193 statar i FN anerkjent Palestina som ein stat og det har vore fleire forsøk i FN på sanksjonar mot Israel, som ein konsekvens av okkupasjonen. USA, som Israels nærmaste alliert, er sterkt i mot å tillate Palestina inn i FN og seinast som 2017 anerkjente amerikanarane Jerusalem som hovudstaden til Israel, noko som er sett på som kontroversielt ettersom det er omdiskutert kva status Jerusalem har. I Granavolden-plattforma vel regjeringa å styrke samarbeidet med Israel.

Den marokkanske okkupasjonen av Vest-Sahara

Før 1976 var Vest-Sahara ein spansk koloni. Etter Spania trakk seg ut frå Vest-Sahara følgde det ein 16 år lang sjøvstendekrig for landet, der Marokko og Mauretania kjempa over området. Marokko kom sigrande ut av krigen, og sidan då har Vest-Sahara vert okkupert. FN er kopla inn for å skape fred mellom Marokko og Vest-Sahara. Ei våpenkvile vart inngått, med føresetnad om ei folkeavstemning om sjølvstende. Per i dag har folkeavstemninga enda ikkje vore halden. I mellomtida lev folket i Vest-Sahara med sterk politiovervaking og stadig trakassering frå marokkansk politi. I tillegg, då landet vart okkupert flykta omtrent halvparten av folket til Algerie, der er dei avhengige av naudhjelpsorganisasjonar for å overleve i flyktningleirane.

Changemaker meiner at

  • Noreg må bidra til ein rettferdig fredsprosess ved å anerkjenne Palestina som ein sjølvstendig stat med grenser frå 1967.
  • Noreg bidreg til å oppretthalde og legitimere ein ulovleg okkupasjon. Derfor må Noreg jobbe for internasjonal tilslutnad om Boycott, Divestment & Sanctions og for auka press ovanfor Israel.
  • Noreg må anerkjenne den saharwiske demokratiske republikken og legge press på Marokko for å gjennomføre ei folkeavstemming om sjølvråderett i Vest-Sahara.
  • Norske selskap må umiddelbart trekke seg ut av Vest-Sahara, samt at oljefondet må trekke seg ut av selskap med verksemd i Vest-Sahara.

Vil du støtte vårt arbeid mot okkupasjon? Bli medlem i Changemaker!