Giske sette ned stigen

Redaksjonen – 9.2.2012

I dag overleverte 50 Changemakerar over 8000 underskrifter til nærings- og handelsminister Trond Giske for å få ein meir rettferdig handelspolitikk..

Giske vart utfordra til å setje på plass utviklingsstigen som Noreg har klatra opp. Dette gjorde han på eit stort stigespel Changemaker hadde laga, der det var to spelebrikker som symboliserte fattig (grøn) og rik (blå). Men trass i stigeflyttinga, svarte ikkje Giske klart på krava om politikkendring:

– Giske nektar utviklingsland høvet til å bruke dei same politiske verkemidla som har skapt grunnlaget for norsk næringsutvikling. Dette er som å klatre opp ein stige, for så å trekke den opp etter seg, seier Changemaker-leiaren.


God stemning då Giske mottok over 8000 underskriftar i form av ei speleske.

Mindre handlingsrom for utviklingslanda

Det som skulle vere utviklingsrunden i WTO-forhandlingane går no på 11. året, og utviklingslanda får betale prisen med urimelege krav i bilaterale handelsavtalar mellom fattige og rike land. I tillegg krev Noreg liberalisering av energitenester for ei rekke u-land gjennom WTO. Dette er klart i strid med følgande løfte i regjeringserklæringa:”Regjeringa vil leggje til grunn at WTO-avtaleverket ikkje må ta frå fattige land styringsrett og verkemiddel som har vore viktige for å utvikle vårt eige samfunn til eit velferdssamfunn.”

– Changemaker krev at Giske og regjeringa må halde det dei har lova i Soria Moria 2, og føre ein meir utviklingsvenleg handelspolitikk, seier leiar i Changemaker, Markus Nilsen.

I WTO har ikkje Noreg støtta utviklingslandas krav om ein eigen effektiv antidumpingsmekanisme på landbruksvarer. På same tid har Noreg klart å beskytte seg mot dumping av 581 ulike landbruksvarer i gjeldande WTO-regelverk.-Dei internasjonale handelsforhandlingane har kollapsa, og no finst det ikkje reglar som sikrar fattige lands utvikling, det er den sterkastes rett som rår. Sjølv om det ikkje finst internasjonale reglar Noreg må følgje, betyr ikkje det at Noreg kan ture fram som vi vil, meiner Nilsen.


Giske spelar stigespel med utviklingslanda. Ikkje trekk opp stigen! Sett han heller ned igjen, sånn at fattige land får utvikla seg sånn som vi har gjort.