Hanne Sofie Lindahl ny leiar i Changemaker

Redaksjonen – 27.4.2014

Hanne Sofie Lindahl (23) frå Oslo vart i dag valt til ny leiar i Changemaker. Alle dei 50 delegatane på ungdomsorganisasjonens Årssamling stod samla bak leiarvalet. På helgas landsmøte på Ellingsrudåsen varsla den nye leiaren ein ny kampanje for å begrense norsk våpeneksport.

– Eg gler meg veldig til å få leie ein herleg gjeng med kreative og kunnskapsrike ungdommar som skal få ein slutt på få slutt på norsk diktatoreksport til autoritære regime, seier Hanne Sofie Lindahl, nyvalt leiar i Changemaker.

Det siste året har Lindahl vore nestleiar i Changemaker, etter å ha hatt ulike verv i organisasjonen dei siste fem åra. Ho har elles ein bachelor i internasjonale studiar, årsstudium i utviklingsstudiar og har vore eit semester i Tanzania som deltakar i utvekslingsprogrammet til Kirkens Nødhjelp.

Diktatoreksport

I juni tek Lindahl over roret etter noverande leiar Ingrid Aas Borge. Då sparkar Changemaker i gang den nye våpeneksportkampanjen. Passande nok har den nye blåe regjeringa i sin plattform forplikta seg til å ”prioritere menneskerettigheter, fattigdomsbekjempelse, utvikling av sivilsamfunn og godt styresett”.

– Dette samsvarer ikkje med norsk våpeneksport til autoritære regime. Vi eksporterer krigsmateriell direkte til både Dei sameinte arabiske emirata, Qatar, Kuwait og Saudi Arabia. Desse statane er berykta for menneskerettsbrot. Tortur, kvinneundertrykking og mangel på ytringsfridom er regelen, ikkje unntaket, seier påtroppande leiar Hanne Sofie Lindahl.

I tillegg vil Changemaker vil ha meir openheit frå regjeringa om søknader om eksportlisens av krigsmateriell. Dette vil gjere det lettare for Stortinget og sivilt samfunn å vere vaktbikkjer og sørge for at det norske regelverket blir fulgt. Changemaker ønsker også å opprette eit parlamentarisk råd som skal vurdere eksportlisenssøknader.

– No er det byråkratar i Utanriksdepartementet som avgjer kven vi sel våpen til. Changemaker ønsker heller å ansvarleggjere Stortinget ved å be opprette et parlamentarisk råd for å sikre økt forankring av forvaltninga og å sikre at Noreg følgjer eige eksportregelverk, seier Lindahl.

På helgas årssamling vedtok Changemaker mellom anna å tilslutte seg Boikott Israel-kampanjen BDS, ei fråsegn for meir finansiell openheit i IOC og OL og ei fråsegn mot Marokkos okkupasjon av Vest-Sahara.

Kontaktpersonar

Påtroppande leiar, Hanne Sofie Lindahl, på tlf. 9246 2956

Kommunikasjonskonsulent, Vegard Foseide, på tlf.9324 2458

Changemaker er Norges største ungdomsorganisasjon som jobbar med Nord/Sør-spørsmål. Jobbar for å fjerne dei grunnleggande årsakene til fattigdom og urettferd. Om lag 1500 medlemmer i lokalgrupper over heile landet. Er Kirkens Nødhjelps ungdomsorganisasjon.