Her kan Noreg gå føre

Redaksjonen – 21.10.2015
opent-eigarskap

Ein ny rapport gir Noreg ei moglegheit til å setje standard for openheit. Det kan hindre korrupsjon og skattesnyting for hundrevis av millionar.

Hemmelegheiter banar veg for økonomisk kriminalitet og korrupsjon, som fører til at store summar gøymast bort kvart år. Dette er pengar som kunne vore brukt på helsetenester og utdanning.

Dersom Gibraltar hadde hatt eit eigarskapsregister, hadde båe Vimpelcom/Telenor, og kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, visst at 122 millionar kroner gjekk rett i lomma på den usbekistanske presidentdottera. G20, ei gruppe av 19 store økonomiar og EU, vil derfor at alle land skal opprette register over dei eigentlege eigarane til selskap, altså den fysiske personen som eig og kontrollerar selskapet. Stortinget har vedteke å opprette eit slikt register i Noreg.

Finans Norge, IKT Norge og Tax Justice Network - Norge kom i dag med ein rapport om korleis ein kan sikre seg at registeret faktisk skal føre til meir openhet og bli eit viktig verktøy i kampen mot økonomisk kriminalitet.

For at registeret skal styrke demokratiet og vere eit viktig verktøy i kampen mot økonomisk kriminalitet, må informasjonen vere fullstendig og alle må ha tilgang. Changmaker er veldig nøgd med rapporten og håper at regjeringa tek tilrådningane med seg når dei no skal utarbeide registeret.

Kva er ein eigentleg eigar?

Når ein snakkar om eigentlege eigarar er det viktig å skilje mellom ein juridisk person og ein fysisk person. Ein juridisk person kan vere eit selskap, ein organisasjon, institusjon eller kommune, medan ein fysisk person er eit ekte menneske. Utan eit offentleg register over eigentlege eigarar har det vore vanskeleg å få vite kven som er den fysiske personen, av kjøtt og blod, som tenar pengar på eit selskap. Komplekse strukturar og bruk av stråmenn (ein person som får betalt for å vere registrert som for eksempel direktør for eit selskap, sjølv om den i praksis ikkje har noko involvering i selskapet) gjer det vanskeleg å avdekke kven som til slutt eig selskapet. Dermed kan det vere vanskeleg å oppdage ulovleg aktivitet og vanskeleg å stille eigarane til ansvar.

opent-eigarskap


Rapporten "Åpent eierskap" er laga av Tax Justice Network, Finans Norge og IKT-Norge. Les den her.

Registeret som no skal opprettast handlar om den fysiske personen som til slutt eig, kontrollerar eller nyt godt av selskapet. Det er altså eit register over dei personane som tek beslutningane, nyte godene og har ansvar for at selskapet blir drive på ein lovleg og rettferdig måte.

Tre viktige prinsipp

I rapporten blir det lagt vekt på tre prinsipp: alle eigarar skal registrerast, eigarane skal registrerast eintydig og registeret må vere ope for alle.

Alle eigarar skal registrerast

Eit fullstendig register over eigarar må inneholde alle som eig og bestem over selskapet. Dette vil inkludere dagleg leiing, familieeigarskap og eigarar av trustar. Sjølv om trustar ikkje er regulert av norsk lov, kan dei eksistere som eigarar av selskap. Rapporten tilrår derfor at dei bør registerast på lik linje med andre eigarar. Aksjonærer, dei som eig aksjer i selskapet, skal også registrerast. Dette er fordi mange selskap innretter seg slik at den eigentlige eigaren eig kun ein liten andel av aksjene men fortsatt har kontroll over selskapet. Til sammenlikning har EU har satt si registreringsgrense på 25% aksjeandel, har Danmark ei grense på 5%. Changemaker mener at det er bra at alle aksjonærer registrerast for å forhindre slik juks.

Eintydig registrering

Eit stort problem er at nokon eigentlig eigarer kontrollerar selskapa gjennom eierskapskjeder og dette bør no selskapa opplyse om. Rapporten foreslår at eit ID-nummer blir laga for alle eigentlige eigare, inkludert eigare i utlandet. Det vil gjere det lett å sjå kva kvar person eig og har aksjer i. I USA har ein innført ein oversikt over eigerskap som går gjennom nær familie, og dette blir foreslått tatt inn i det norske registeret. I tillegg bør typen kontroll eigaren har, som for eksempel “styremedlem” eller “aksjonær” registrerast.

Changemaker aksjonerte for eigentleg eigarskap i 2013.


Changemaker aksjonerte for eigentleg eigarskap i 2013.

Med eintydig informasjon frå ulike selskap kan registeret bli enklare å nytte for alle. I dag har ein fleire ulike registre i ulike formater, noko som betyr at ein bruker unødvendige ressurser på å finne fram. Alle norske selskap er registrert i Brønnøysundregisterene, og rapportforfatterane foreslår at dei nye opplysningene fint kan førast inn her. På sikt bør og det nylig offentleggjorte aksjonærregisteret, som inneheld ein oversikt over alle norske aksjeselskap, og oversikten over aksjehandel på Oslo Børs (VPS-registeret) førast inn i dette registeret.

Ope for alle

Medan EU sitt fjerde kvitvaskingsdirektiv seier at myndighetene og selskap skal ha innsyn i registeret, krev dei at andre som vil få tak i informasjonen må ha ei "legitim interesse". Anbefalingane som blir gitt i rapporten er at alle burde ha tilgang, utan at det skal vere noko slags hinder. Dette er viktig prinsipp for å sikre at alle, uansett ressursar, skal kunne bruke registeret.

At alle skal ha tilgang til kven som er den kontrollerande eigaren, altså den største, er det einigheit om i rapporten. Det er derimot ei viss konflikt i om ein skal kunne søke på enkeltpersonar og finne kva slags eigarskap dei har i ulike selskap. Eit argument for EU sine begrensninger i innsynet er at det vil vere mogleg for folk å følge med på alle investeringar ein person eller eit selskap gjer og dermed kunne kopiere strategiar eller bygge motstrategiar. Løysingar på denne problemstillinga kan vere å legge inn ei forsinking i offentleggjeringa av informasjonen.

Changemaker meiner at å legge slike begrensningar på tilgangen til registeret kan undergrave nokon av dei gode hensiktene som ligg bak dette arbeidet. Med ein gong ein legg hindringar og begrensningar på tilgangen, vil færre bruke registeret. Det vil kreve større kostnadar og meir ressursar for dei som er interesserte i å granske eigarskapsstrukturar. Mindre aktørar, som lokalaviser, små organisasjonar og enkeltpersonar, samt myndigheter og sivilsamfunn i fattige land kan på denne måten bli nekta tilgang på registeret. Vi er derfor samde med Tax Justice Network og IKT Noreg i at full openhet er viktig.

Noreg kan setje standard

Eit nytt norsk register over eigentlege eigare er eit stort steg i kampen mot økonomisk krimminalitet og korrupsjon, men for at registeret skal tene det formålet ein ønsker, er det viktig at det er opent for allmenheita.

Noreg kan nå gå føre og skape presidens, og setje ein stopper for hemmeligheiten som preger internasjonal økonomi.

Ordliste

  • Eigentlig eigar - Person som har endeleg kontroll over eit selskap, kontrollerende eigar brukes og i nokon tilfelle. Må vere ein fysisk person.
  • Eigarskapsregister - Register over eigarar av alle norske selskap
  • Juridisk person - Kan vere eit selskap, ein organisasjon, institusjon eller kommune, som står som eigar av et selskap
  • Aksjonær - Ein som eig ein aksjeandel i eit selskap
  • Aksjonærregisteret - Register over alle norske aksjeselskap
  • Verdipapirsentralen (VPS) - eit register for all aksjehandel ved Oslo Børs
  • Brønnøysundregistrene - Register over alle norske selskap. Ligg i Brønnøysund i Nordland
  • Eintydig registrering - At alle opplysningar registrerast på samme måte.