Klimafordrivne

EKSTREMVÆR: Tørke, flom og ekstremvær tvinger millioner av mennesker til å flytte fra hjemmene sine. Foto: Unsplash/Victor Benard

Kvart år må om lag 25 millionar menneske forlate heimane sine på grunn av klima- og vêrrelaterte katastrofar. Vi må bremse klimaendringane, og vi må skape rammeverk og avtalar som skapar rettar og tryggheit for menneske som må flykte på grunn av dei.

Endringar i klimaet er allereie ein grunn til at menneske er på flukt frå heimane sine. Kvart år må om lag 25 millionar menneske forlate heimane sine på grunn av klima- og vêrrelaterte katastrofar. Desse katastrofane skjer oftare og oftare - samstundes som klimaet endrar seg meir og meir. Dette fører til at talet på menneske som må flykte er aukande.

Grunnane til at folk må flykte er ofte varierande og samansette. Dei fleste som flyktar no gjer det på grunn av ekstremvêr, som storm og flaum, men treigare og meir permanente klima- og miljøendringar vil føre til at endå fleire må forlate heimane sine. Desse endringane inkluderar tørke, ekstremt regn, stigande havnivå og liknande. Mange av dei som flyktar er menneske som bur i utsatte område og som lev av naturressursar, og difor har lite skuld i dei klimaendringane dei opplever. Dette er urettferdig!

Dei fleste klima- og miljøfordrivne endar opp som internt fordrivne, medan andre må krysse landegrenser. I dei sistnemnde tilfella finst det ingen internasjonale avtalar som tar seg av rettane deira. Menneske som drivast på flukt på grunn av klimaendringar er ikkje inkludert i Flyktningkonvensjonen, og omgrepet “flyktning” er ofte ikkje dekkande for dei ulike situasjonane desse menneska hamnar i.

Fram til no står desse menneska utan økonomisk og sosial hjelp i situasjonar kor heimane deira er øydelagde og ubebuelege. Behovet for løysingar er pressande, då dette vil ramme altfor mange menneske i tida som kjem. Vi må bremse klimaendringane, og vi må skape rammeverk og avtalar som skapar rettar og tryggheit for menneske som må flykte på grunn av dei.

Det finst ikkje éin enkel løysing for menneske som drivast på flukt. Klimaendringar rammar ulikt på ulike område, og behova vil difor variere avhengig av dei lokale utfordringane. Mykje kan gjerast regionalt; det er difor viktig at statar tek ansvar og hjelper kvarandre. Changemaker vil løfte debatten om denne problematikken slik at ein kan mobilisere politisk vilje og finne løysninger, både nasjonalt og internasjonalt

Changemaker meiner at

  • Noreg må arbeide aktivt for internasjonal anerkjenning av klimafordrivne.
  • Klimafordrivne må få beskyttelse gjennom internasjonale og regionale avtalar. Desse avtalane må gi moglegheiter, tryggleik og rettar for menneske som må flykte på grunn av klima- og miljøendringar.
  • Flukt på grunn av klima- og miljøendringar må hindrast i størst mogleg grad, gjennom styrking av lokal infrastruktur, nasjonale og internasjonale tiltak og miljømessig tilpasning.
  • Noreg må gi auka finansiering og ressursar i form av klimafinansiering og bistand for å hjelpe klimafordrivne til å takle konsekvensane klimaendringane førar med seg.

Vil du støtte oss i arbeidet vårt med klimafordrevne? Meld deg inn i Changemaker!

NB: Fylles ut programmatisk dersom denne innsendingen er blitt sendt til Winorg

Medlemskontingent

Se Changemakers personvernserklæring