Magasin

Meiner regelverket er bra nok

23.10.2014

Øyvind Halleraker er nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, og vi snakka med han om våpeneksport og om Noreg sitt forhold til diktaturstatar. Kva meiner han om norsk våpeneksport?

Tekst: Mattias Rolighed Bergset (Også publisert i Changemakermagasinet 3/2014)

Gjennom handel, bistand og internasjonale avtaler og organisasjonar samarbeider Noreg med land over heile verda. Både med demokratiske land og diktatur. Men når Noreg samarbeider med diktatur, kva slags type forhold er det mellom landa? Er det ein anna forhold enn mellom Noreg og andre demokratiske land? Vi tok turen til Stortinget for å finne ut om nestleiaren i utanriks- og forsvarskomiteen, Øyvind Halleraker (H), kan svare på det.

Stolar på våpenregelverket

Changemaker sin kampanje mot diktatoreksport vil mellom anna endre på Stortinget sitt arbeid med våpeneksport. Halleraker seier at linja til Noreg er å ikkje eksportere til land der det er krig eller der krig trugar. Men i tillegg har utanrikskomiteen vedtatt at Noreg ikkje skal selje til land som undertrykker eigen befolking. Likevel har det norske selskapet Kongsberg Gruppen inngått ein avtale om å levere luftvernrakettar til Oman, som mange manneskerettsorganisasjonar reknar som eit diktatur.

- Oman er eit einevelde. At Oman er eit problematisk land i denne samanhengen har eg ikkje tenkt over før, seier han.

Han synes ikkje det er noko gale med det norske regelverket slik det er i dag, men meiner at det er viktig å sjå nøyare på det dersom det ikkje blir følgd.

- Vi tåler debatt om dette. Ingen er interessert i at regelverket skal bli brutt, men vi må stole på at regelverket blir følgd. Kva om det ikkje blir følgd? Regelverket skal følgast, og så har vi ein riksrevisjon som skal sjekke at dette går riktig føre seg, seier han.

Når det gjeld den ustabile situasjonen i Midtausten er Halleraker heilt klar på at dette gjeld område i konflikt eller der konflikt trugar, og at ein derfor må passe på kven ein eksporterer til.

Vi tåler debatt om dette. Ingen er interessert i at regelverket skal bli brutt, men vi må stole på at regelverket blir følgd.

- Vi må vere nøye på å sjekke ut alle forholda knytt til det. Dersom folkeretten blir brote, skal ein ikkje selje dit. Dersom det er feil og manglar med den norske praksisen må vi sjå på det, seier han.

Representantane i utanrikskomiteen har i prinsippet mykje makt over den norske våpeneksporten, men det er veldig varierande kor mykje peiling dei har på temaet.

- Som stortingspolitikar snakkar vi mest om det som er oppe i dagen. Vi får ikkje til å vere ekspertar på alt. Vi helsar velkommen alle organisasjonar som arbeider seriøst med viktige saker som dette. Det er ofte viktig for utviklinga av vår politikk, seier Halleraker.

Han understrekar at det ikkje er på Stortinget dei tar beslutningane om våpeneksport frå dag til dag.

- Bunnplanken i Norsk utanrikspolitikk er at det er Utanriksdepartementet som driv den utøvande og utadvendte utanrikspolitikken, seier han og forklarer at det er Utanriksdepartementet som har kontakten med andre land, på vegne av Noreg.

Det er generelt stor einigheit om linja i utanrikspolitikken til Noreg, men det er alltid nokre saker der departementet må vente på Stortinget sine vedtak. Éi av dei sakene er bistand. Regjeringa sine mål for norsk bistand kjem i det nye statsbudsjettet.

- Vi meiner det er viktig å få folk varig ut av fattigdom. Menneskerettar og demokrati står i fremste rekke i bistanden, seier han.

Diktatorbistand

Korleis kan ein styrke menneskerettar og demokrati med bistand i statar der nettopp menneskerettar og demokrati står svakt? Halleraker er opptatt av at dersom ein skal arbeide for utvikling i land med udemokratiske styresett, må ein vere sikker på at ressursane blir brukt på riktig måte.

- Vi må vere oppmerksomme på at bistandsmidlane ikkje fremjar menneskerettsbrot. Mange av desse landa har behov for utvikling, seier Halleraker.

Stortingsmannen har tru på at bistandsmidla betre kan føre til utvikling dersom ein lar bistanden gå gjennom organisasjonar, og ikkje direkte til staten. Han meiner at dette spesielt vil vere bra dersom det er snakk om eit land med eit tvilsamt styresett.

- Det kjem til å bli mindre stat til stat-bistand framover. Min eigne oppfatting er at for eksempel Etiopia er eit land der det er best med bistand gjennom andre organisasjonar, og ikkje frå stat til stat. Der har eg vore, så eg har litt kjennskap til bistanden der, seier han.

Stille krav

Men kan ein bestemme over andre land når ein gir bistand til dei? Følger det med krav og betingelsar når ein støttar andre økonomisk?

- Vi stiller krav til enkelte statar. Dilemmaet der er at dei kan seie “vi klarer oss fint utan pengane dykkar,” og då har ein ikkje mulegheit til å påverke. Uganda er eit eksempel på det, seier Halleraker.

Han siktar til episoden frå i februar då Noreg holdt tilbake 50 millionar kroner i bistand til Uganda etter at parlamentet vedtok ei streng lov mot homofili som er i strid mot grunnleggande menneskerettar. President Museveni i Uganda uttalte då at utanforståande ikkje kunne diktere politikk i Uganda.

- Det er viktig å styrke folk sin velstand, men vi kan gjere mindre med regima som styrer dei. Derfor er det viktig å finne løysingar der ein når befolkninga, seier Øyvind Halleraker.

Han meiner at det ikkje er lett å påverke indre anliggande i udemokratiske statar.

- Vi er eit lite land og det er best når vi gir lyd ifrå oss i store samarbeidsarenaer som FN, dersom vi vil påverke. Politikken i andre statar vil ikkje bli påverka av at vesle Noreg seier ifrå, seier han.

Likevel fins der unntak. Denne hausten har Noreg innført handelssanksjonar mot Russland etter at det store nabolandet har sendt militære styrker inn i Ukraina.

- Nokre meiner at vi ikkje har råd til å påkalle oss Russland sin vrede. Men utan openheit og demokrati kan vi ikkje ha ei fri verd. Det er kortsiktig å tenke at handel vil kunne funke dersom demokrati og menneskerettar ikkje er der. Eit fritt næringsliv er avhengig av demokrati og menneskerettar.