Magasin

Sør-Afrika: Då studentane fekk nok

16.04.2016

Dei vart fødde samtidig som apartheid-regimet vart bytta ut med demokrati. 22 år seinare er Sør-Afrika det landet i verda med størst skilnad mellom fattige og rike, som òg er eit skille mellom svarte og kvite.

Tidleg på morgonen 9. mars i år tømte studenten Chumani Maxwele ei bøtte med bæsj på statuen av den engelske koloniherren Cecil John Rhodes, på University of Cape Town. Det var starten på dei største studentprotestane i det sørafrikanske demokratiet sin 22 år lange historie.

Hollywood-mirakelet

Historia om den undertrykte, svarte majoriteten som kjempa for retten til å vere borgarar av sitt eige land, er ei historie den vestlege verda kjenner godt til. Nelson Mandela blir sett fri frå fengsel og når heile befolkinga endeleg kan stemme, blir han vald til president. Dei gode vinn over dei onde og dei onde blir tilgitt. Dei lar fortid vere fortid og svarte, kvite og folk i andre fargar er alle ein del av regnbogenasjonen Sør-Afrika.

Om lag slik er historia norske skuleelevar lærer. Det er òg slik Hollywood-filmane formidlar historia til Sør-Afrika.

Men studentar, særleg svarte studentar, kan ikkje identifisere seg med denne historia. Nelson Mandela er eit namn som sjeldan blir nemnd.

Markerer forskjellar

Chumani Maxwele hadde henta bøtta med bæsj frå ein bøttedo i Khayelitcha, den største townshipen i storbyen. Aksjonen var eit forsøk på å knyte universitetet tettare til verkelegheita for millionar av menneske i Sør-Afrika.

– Det representerte smerte og uverdigheita med kva det betyr å vere fattig, svart arbeidarklasse i Sør-Afrika. Det representerte dei ekte forholda for folk kvar dag og var ein måte å få folk til å innsjå verkelegheitene i Sør-Afrika, seier Brian Kamanzi som er ein sentral aktivist i studentmiljøet som i 2015 har retta nasjonalt og internasjonalt søkelys mot dei problematiske sidene ved det sørafrikanske samfunnet.

Han forklarer at universitetet i Cape Town var designa for å markere ein avstand til dei undertrykte i samfunnet. Store bygningar med trapper og søyler, plassert på ein ås over byen for nesten hundre år sidan. Men 20 minutt unna bur folk framleis i skur og bruker felles utedo.

– At folk blir sjokkerte når nokon grisar til statuen av ein galning skuldig i folkemord, men ikkje blir sjokkerte av levekåra til levande menneske 20 minutt unna, understreker krisa dette landet er i, hevdar han.

Brian Kamanzi er sentral i Rhodes Must Fall-røyrsla, som i 2015 har forandra det sørafrikanske utdanningssystemet. Men det er ikkje nok, og i 2016 vil dei halde fram. Foto: Mattias Rolighed Bergset

Må velje historie

I éin månad demonstrerte studentar og krevde at Rhodes-statuen skulle fjernast, og 9. april vart den heisa opp på ein lastebil og køyrt bort. Den er berre eitt eksempel på openbare symbol, frå Sør-Afrika sin brutale fortid, i det offentlege rom. Universitetet i Cape Town har bygningar og monument oppkalla etter menn som for hundre år sidan var viktige i den britiske koloniadministrasjonen og viktige apartheid-menn.

– Det er uakseptabelt å ha statuer av desse folka, skuande utover Cape Town som om dei blir hylla. Så vi kom til eit punkt der vi innsåg at vi ikkje trengte å tolerere dette og at det er mulig å forestille seg ei ny framtid, seier Brian.

For han og dei andre aktivistane handla det eigentleg ikkje om statuen, men dei valde det tydlegaste mest kjente symbolet på universitetet til å markere starten på ei større endring av universitetet, og av samfunnet, som framleis er rasedelt og klassedelt.

– Å få statuen fjerna var meint å symbolisere at ting kan forandre omgjevnadane våre og gi plass til noko nytt. Vi kan skape historie, vi er ikkje berre slavar av den historia som Rhodes var viktig i.

Bekjemper kolonistrukturane

Framfor den tomme sokkelen der Rhodes ein gang sat, har nokon mala ein skugge av statuen på bakken. Den skal minne alle på at dette berre var starten. Sjølv om statuen er borte, er arven etter Rhodes framleis tilstade.

– Det er viktig at folk er klare over at det vi vann var ein veldig symbolsk siger, men den er tom utan ei endring av svarte sine materielle forhold i landet. Den skal minne oss på at Rhodes framleis er her og at kampen held fram.

Derfor forma dei ei røyrsle av fleire radikale, politiske miljø på universitetet og kalla røyrsla for Rhodes Must Fall. Målet er å dekolonisere universiteta i landet ved å fjerne dei strukturane som framleis heng igjen frå apartheid og kolonitida.

– Som svarte studentar, som afrikanske studentar, treng vi å kunne identifisere oss med utdanningane våre. Men universitetet bevarer europeisk kultur og historie, seier Brian.

Her sat koloniherren Cecil John Rhodes og skua ut over Cape Town. Ein gang var han verdas rikaste mann. Statuen er borte, men skuggen minner om at universitetet framleis er kolonisert. Foto: Mattias Rolighed Bergset

Verdien av svarte liv

I august var det tre år sidan 34 streikande gruvearbeidarar i Marikana vart drepne av det sørafrikanske politiet. Eit sentralt spørsmål i ettertid var kvifor politiet kunne forsvare gruveselskapet Lonmin sine økonomiske interesser ved å ta livet av svarte arbeidarar som streika for levelønn: "Er eit britisk gruveselskap verdt meir enn svarte liv?" På universitetet i Cape Town markerte Rhodes Must Fall-studentane Marikana-massakren ved å kreve levelønn for arbeidarane på universitetet. Reinhaldspersonell, vaktmeisterar, vakter og kantinepersonell er svarte arbeidarar som bur i townships og ikkje har råd til å sende sine born på universitetet.

– Viss vi skal dekolonisere universiteta må vi sjå på klasseskilla på universiteta, og korleis arbeidarar blir behandla der. Arbeidarar er usynleggjordt og utnytta på universiteta, seier Brian.

I November lovde universitetet at dei skulle innfri krava i 2016. Dersom dei held det dei lovar, vil det kunne føre til forandring òg på andre universitet i landet.

Nasjonalt opprøyr

Rhodes Must Fall-røyrsla på University of Cape Town vart ei inspirasjonskjelde for studentar over heile landet. Då regjeringa midt i oktober foreslo å heve studieavgiftene på universiteta med ti prosent, utløyste det eit nasjonalt studentopprøyr. Aktivistar på Witwatersrand-universitetet i Johannesburg okkuperte heile campus. Nokre dagar seinare følgde fleire universitet opp med samme metode, og plutseleg hadde den nasjonale røyrsla Fees Must Fall oppstått.

– Høge studieavgifter ekskluderer dei som ikkje har råd, noko som i Sør-Afrika hovudsakleg er svarte studentar, seier Tankiso Mamabulo, som studerer drama på University of Cape Town.

Ho kjenner sjølv studentar som blir ekskluderte av dei høge studieavgiftene, mellom anna ein som verkeleg gjorde det bra, men mangla finansiering og kunne derfor ikkje studere i år.

– Det er éin hjerne tapt, som kunne ha bidrege til landet sin økonomi på lang sikt, seier ho.

Kravet om inkluderande utdanning var tydeleg eit krav som mange i heile landet kunne identifisere seg med.

– Det vann støtte veldig fort og synet av tusenvis av studentar i gatene var tydeleg ukomfortabelt for regjeringa, seier Tankiso.

Over heile landet møtte politiet studentar med tidvis brutale grep. I det demokratiske Sør-Afrika har sjokkgranatar, gummikuler og tåregass aldri vore brukt mot studentar. Ikkje før 19. oktober i fjor. Tankiso fortel at då politiet byrja å arrestere studentar, bestemte folk seg for at dette ikkje var akseptabelt.

– Politiet sin oppførsel gjorde oss meir gira på å bli høyrt, fordi då vart det tydeleg at nokon prøvde å stilne oss og at våre krav ikkje var velkomne.

Etter ei veke vart avgiftsauka stoppa, men kampen for gratis, inkluderande utdanning held fram.

– Verda treng regnbogenasjonen

Med eit utdanningssystem og eit samfunn som ikkje har bidratt til å endre svarte sørafrikanarar si rolle som underklasse, er identiteten som "born free" eit framandt konsept.

– Når ein snakkar om regnbogenasjonen antar mange at folk har fått ein form for rettferd, men over tid har folk oppdaga at dei framleis bur i skur og at dei framleis er landlause, seier Brian.

Sjølv om fleire og fleire meiner at regnbogenasjonen ikkje fins, er den viktig for ANC-regjeringa som har hatt makta og ansvaret gjennom heile den demokratiske historia til landet. Brian meiner òg at verda treng historia om regnbogenasjonen.

– Det er viktig for dagens verdsorden at Sør-Afrika blir framstilt som eit positivt eksempel, ein regnbogenasjon. Viss demokratiet ikkje klarte å få til ein god overgang i Sør-Afrika, kva betyr det for ei fredeleg løysing mellom Palestina og Israel, for eksempel?

Sør-Afrika er i eit stadie der heile landet prøver å finne ut kva som er landet si historie og identitet. Dersom det ikkje er ein regnbogenasjon, kva er det då som kjenneteiknar nasjonen? Gir det meining å snakke om ein nasjon? Brian trur at store endringar vil skje i landet I nær framtid.

– Kven veit kva som vil skje dei neste fem åra? Det vil verkeleg bli interessant I Sør-Afrika.

Forsoning I Sør-Afrika

  • Forsoningsprosessen i Sør-Afrika på 90-talet er heile tida gjenstand for debatt.
  • Father Mxolisi Mpambani forklarte forsoningsprosessen slik i 1997:
  • Tom og John budde rett over gata for kvarandre. Ein dag stjal Tom John sin sykkel, og John såg Tom sykle til skulen med den stolne sykkelen kvar dag.
  • Eit år seinare kom Tom til John og strakk ut handa."La oss forsonast og legge fortida bak oss," sa han. John såg på Tom si hand. "Og kva med sykkelen?" "Nei," sa Tom, "eg snakkar ikkje om sykkelen. Eg snakkar om forsoning."