Reisebrev fra Nairobi

Karoline Hasle Einang – 22.11.2019

Denne uken har Changemaker deltatt på konferanse i Nairobi, Kenya for å jobbe mot kjønnsbasert vold. Sammen med ungdommer fra mange afrikanske land jobber vi for å skape en tryggere verden for jenter og kvinner.

Ungdomsnettverket REJADH (sjå faktaboks) arbeider aktivt mot kjønnsbasert vold i sine heimland. Denne veka møtes vi i Nairobi, Kenya. Først for å delta på Nairobi Summit på International Conference on Development and Population, det største arrangementet Kenya har arrangert. Verdensleiarar, ministere, aktivister og fagfolk samles her for å feire konferansen som blei holdt i Kairo for 25 år sidan. Seinare for å nerde saman over kampanjer og prosjektforslag.

Kairo-konferansen i 1994 var historisk; den fekk seksuell helse på kartet. Denne veka feirer vi den, og ser framover på kva som gjenstår for å nå FNs bærekraftsmål med fokus på seksuell og reproduktiv helse og rettigheiter (fleire av måla er relevante her, blant nummer 3 om helse og nummer 5 om likestilling). Ungdommen er mest interessert i samtalane og foredraga om kjønnsbasert vold (GBV). Dei møter sine delegasjonar og ministere og fortel om arbeidet dei gjer. På kvelden diskuterer vi på hotellet; kva inkludrer eigentleg GBV og kva betyr det i vår kulturelle kontekst? Korleis stiller vi oss til lovnadane frå presidenter på talarstolen? Ulike perspektiv blir delt; alle har ulik bakgrunn, erfaring, ulike historier. Vi er einige og ueinige om mykje forskjellig. Slik blir vi alle litt klokare.

(Saken fortsetter under faktaboksen)

REJADH

Changemaker deltek på Nairobi Summit saman med REJADH-nettverket med ungdom frå Mali, Sør-Sudan, Somalia, Burundi og DRC. Dette nettverket blei starta i 2016 av Kirkens Nødhjelp, Arigatou og Changemaker, og arbeider med ungdomspåverknad på kjønnsbasert vold i dei representerte landa.

Resten av veka arrangeres seminaret Action tilrettelagt av Arigatou International, Kirkens Nødhjelp og Changemaker. REJADH nettverket består av ungdom frå Mali, Sør-Sudan, Somalia, Burundi og DRC som arbeider saman for å utarbeide nye kampanjer på kjønnsbasert vold. Sidan 2016 har dei arbeida med kampanja “The Myth of Maputo”, der dei etterlyser ratifisering og implementering av Maputoprotokollen, som skal sikre afrikanske jenter og kvinners sikkerheit og rettigheiter.

Dei er studentar, advokatar, butikkmedarbeidere, alle er under 30 år. Dei representerer ungdom i sine land som stolt identifiserer seg som aktivister. Aktivister for kvinners og jenters rettigheiter, aktivistar som er lidenskapleg engasjerte i kampen mot omskjæring av jenter, borneekteskap, for likestilling. Og dei veit kva dei pratar om. Dei er rågode på GBV i sine land, Maputo og FN-resolusjoner.

Felles for alle landa er at dei er prega av konflikt eller ganske nyleg har vore det, store delar av befolkinga lev i fattigdom og ulike former for GBV er utbredt. Det er ofte utfordrande med tanke på finansiering, sikkerheit og ikkje minst tilgang til lobby-moglegheiter hos politikere. Likevel kan fleire allereie vise til gjennomslag og ekte påverknad. I Sør-Sudan har REJADH saman med andre organisajonar fått regjeringa til å ratifisere protokollen, men med ein reservasjon mot delane som omhandlar abort og prevensjon. Likevel ein stor seier synes dei; eit viktig steg på vegen. Leiaren for gruppa i Somalia holdt ein TEDx-talk om GBV, og nådde ut til mange med sitt bodskap.

“Vi gjer dette for framtida. For våre døtre som skal leve i denne verda. Vi vil utrydde GBV for dei, det er difor vi gjer dette.” forklara ein av gutane frå Burundi meg. Dei har alle trua på at GBV ein dag kan bli historie, men for at det skal skje vil dei fortsette å arbeide hardt.