top of page

Dobling av våpeneksporten til Qatar: – Provoserande og uetisk

Birgitte Vågnes Bakken

3. jun. 2023

Marte Hansen Haugan i Changemaker meiner Noregs våpeneksport til Qatar slår beina under arbeidet for menneskerettar.

(Dette er en nyhetssak fra Framtida, i forbindelse med eksportkontrollmeldingen i 2023. Vi var også ute hos E24 og Dagsavisen for å kritisere den norske eksporten til Qatar.)


Marte Hansen Haugan i Changemaker meiner Noregs våpeneksport til Qatar slår beina under arbeidet for menneskerettar.


– Eg synest det er både provoserande og uetisk at Noreg eksporterer stadig meir våpen til det groteske regimet Qatar. Auken på 1,4 milliardar er hårreisande og vanvettig provoserande.

Marte Hansen Haugan, påtroppande leiar i Changemaker, reagerer på kor mykje våpen Noreg sender til Qatar. Fredag vart Eksportkontrollmeldinga lagt fram av regjeringa. Rapporten viser kor mykje og kven Noreg eksporterte våpen og anna krigsmateriell til i 2022.


I fjor eksporterte norske verksemder våpen, militært utstyr, tenester og teknologi for nær ni milliardar kroner, opplyser Utanriksdepartementet. Det er ein auke på om lag ein milliard samanlikna med året før.Verdien på materiellet som blei eksportert til Qatar var på om lag 2,3 milliardar kroner, som er ein auke på 1,4 milliardar.


Qatar blir skulda for menneskerettsbrot mot migrantarbeidarar, kvinner og skeive. Det er til dømes ulovleg å vere homofil i landet, og ein kan bli straffa med fengsel. Utanriksdepartementet åtvara sjølv i reiseinformasjonen i samband med fotball-VM i Qatar om at LHBTI-personar risikerer å bli arresterte og sikta for «usømmeleg åtferd».


– Som skeiv kvinne gjer det vondt å sjå Noreg slå beina under eige arbeid for både kvinners og LHBTI+-personars rettar, både i Qatar og over resten av verda,

seier Marte Hansen Haugan i Changemaker i ei pressemelding.


Krev strengare kontroll

Haugan meiner Noreg gjennom våpeneksporten til Qatar og andre autoritære regime øydelegg for eige arbeid for menneskerettar.

Ho krev betre dokumentasjon og strengare kontroll på kvar våpen og krigsmateriell hamnar.

– Regelverket for norsk våpeneksport må strammast inn slik at Noreg ikkje lenger bidreg til menneskerettsbrot. Regjeringa må slutte å vere naiv, og ta eigarskap og kontroll over eigen våpeneksport umiddelbart. For å sikre kontroll må vi også gjennomføre etterkontroll. Noreg må gjere stikkprøver på eksport til land vi får sluttbrukarerklæring frå.

Utanriksdepartementet: Naturlege variasjonar

Framtida.no har bede Utanriksdepartementet om ein kommentar til kritikken frå Changemaker, men dei har ikkje svara.


I Eksportkontrollmeldinga står det at auken i våpeneksport til Qatar kjem av enkelte store kontraktar for norsk forsvarsindustri.


«Det representerer ikke en signifikant økning i antall norske bedrifter som eksporterer til Qatar, ei heller en endring i Utenriksdepartementets politiske vurderinger. Tallet reflekterer i stor grad naturlige variasjoner i leveranser fra år til år og valutasvingninger».


– Eksportverdiane vil alltid variere naturleg frå år til år. Det er blant anna større, fleirårige kontraktar og valutasvingingar skuld i, forklarar utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) i ei pressemelding.

Ho kommenterer våpeneksporten generelt, og nemner ikkje Qatar spesifikt.


bottom of page