Trick or treaty?

Redaksjonen – 24.10.2011

Changemaker markerte Halloween med vår eigen vri - vi møtte Giske og resten av regjeringa med "Trick or treaty"! Er norsk handelspolitikk berre lureri?

I dag på mandag 31. oktober (Halloween), var rundt 20 Changemakere utkledd i Halloween-kostymer ute og markerte dagen på ein litt annleis måte. For å få til rettferdige handelsavtalar, og ikkje at fattige land skal bli triksa med av rike land, gjekk vi frå departement til departement på ein "Trick or treaty"-runde i samanheng med norske handelsposisjonar i både WTO (Verdas handelsorganisasjon) og bilaterale handelsavtalar.

Dette er sjølvsagt ein del av Changemakers stigekampanje. Changemaker-leiar Markus Nilsen gav Giske Halloween-bøtta med utfordringar og stigekampanjemateriell frå Changemaker. Trond Giske var heller knapp i svaret frå Changemakers utfordring (overlevert i dagsaktuell bøtte) om meir openheit, men kosta på seg nokre smil i den lystige og solfulle aksjonen.

"Tunge WTO"

Mat- og landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) stilte villig opp til Trick or treaty-spørsmål. Han inviterte til eit lengre møte der vi kunne diskutere. Men han fortalte at det var "tungt og vanskeleg" å forhandle i det "store og tunge" WTO-systemet, då Changemaker lurte på om han ville kjempe i lag med fattige land for å la dei få beskytte seg mot dumping på same måte som rike land kan.

Vi møtte òg statssekretær Erik Lahnstein i Utanriksdepartementet. Han inviterte til eit møte der vi presenterte krava våre i stigekampanjen, og vi møter han snart igjen.Lystige og utkledde changemakerar dro heim etter aksjonen med godt mot. Vi veit det er ein lang veg å gå, men vi skal klare å få Noreg til å sette ned stigen til slutt!