Vatnet kjenner ingen grenser

Sandra Larsen – 19.3.2019

En elev ved Haydarer Secondary School i Tanzania viser hvordan vannet blir brukt til både å vaske hendene og til å dyrke mat.

Vatnet kjenner ingen grenser. Vatnet bryr seg ikkje om kva land det renner igjennom eller kven sin tørst det slukker. Det er ein felles ressurs som alle har lik rett på. Likevel blir vatn forsøkt kontrollert av selskap for økonomisk vinning, noko som fører til at mange folk mister tilgang.

Ein skil mellom to typer vassmangel; økonomisk og fysisk vassmangel. Økonomisk vassmangel oppstår grunna mangel på infrastruktur som skal sikre tilgang. Denne typen vassmangel rammer mange land i Afrika sør for Sahara. Fysisk vassmangel er grunna at det ikkje finst nok vatn i forhold til vassforbruk i eit område, til dømes Cape Town, Sør Afrika.

Ifølgje FN lev 844 millionar menneske utan tilgang på reint vatn og 2,5 milliardar utan tilfredsstillande sanitærtilbod. Totalt er det cirka 443 millionar skuledagar som går tapt kvar dag på grunn av sjukdomar som kjem av mangel på reint vatn. I tillegg fører vassmangel til svolt, fordi åkrar tørkar ut.

Noreg må ta ansvar

Vassmangel rammar alle kontinent, uavhengig av landegrenser. Mykje av mangelen skuldast overforbruk, forureining og klimaendringar, mens andre grunnar er mangel på infrastruktur og privatisering av dei ressursane som finst. Dette betyr at ein i framtida må utøve betre vassforvaltning, og ein må sjå over landegrenser for å hjelpe regionane som har nådd grensa for kva dei kan levere av vatn.

Ifølge FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar skal medlemsstatane sikre innbyggjerane høgast oppnåeleg helsestandard. Dette inkluderar tilgangen på reint vatn og tilfredsstillande sanitæranlegg. Noreg har signert denne konvensjonen, men har ikkje signert tilleggsprotokollen som sikrar klagemekanismer dersom konvensjonen blir brutt.

I tillegg til ikkje å ha signert tilleggsprotokollen, investerar Noreg, gjennom Oljefondet, i selskap som privatiserer vassressursar. Verdas handelsorganisasjon (WTO) fremmar privatisering av vatn som eit middel for å effektivisere tilgang for alle. Det som i utgangspunktet skal føre til effektivisering fører ofte i staden til at selskapa som får bruksrett på vatnet kan sette ein høgare pris enn mange kan betale.

Ein føresetnad for bærekraftig utvikling

Høge prisar og manglande infrastruktur står i vegen for at fleire får tilgang på vatn, til tross for at det finst nok ferskvatn på planeten. Å sikre alle menneske tilgang på vatn er ein føresetnad for berekraftig utvikling i verda. Vatn er ein global ressurs som alle har lik rett til. Derfor er det rett og rimeleg at Noreg ser forbi egne landegrenser og gjer det vi kan for å løyse problemet. Ein stad å byrje er at Oljefondet trekk ut investeringane sine frå selskap som utnyttar privatiserte vassressursar i låg- og mellominnteksland.

For å få innblikk i andre løysningar kan man komme på Kirkens Nødhjelp si markering av verdas vatndag 22. mars, der Changemaker skal holde debatt om vatn og kvinner. Markeringa finn du her.