Verdas første gjeldsrevisjon

Redaksjonen – 22.8.2013

Som første land i verda, har Noreg gjennomført ei uavhengig gransking av gjeldsavtalar. – Hurra, slett den gjelda som no er bevist urettferdig, og sørg for at sånt ikkje skjer igjen, seier Guro Klausen i Changemaker.

Changemaker har jobba i mange år for at urettferdig u-landsgjeld skal slettast, og saman med Slett Ulandsgjelda (SLUG) og Kirkens Nødhjelp har vi kjempa fram ein gjennomgang av alle norske lån gitt til fattige land, ein gjeldsrevisjon. Og forrige veke kom rapporten frå dette arbeidet, som viser fram eit par skjelett i det norske skapet.

– Deilig å sjå at vi er med og forandrar verda igjen og igjen, seier leiar i Changemakers politiske utval for gjeld og kapitalflukt, Guro Klausen.

– Dei fleste låna frå Noreg var gitt på 80- og 90-talet, og då var vilkåra som regel i tråd med standardane på den tida. Men i ettertid har det komme fleire initiativ for å gjere långjevarar meir ansvarlege og låna betre. Desse er det funne fleire brot med i gjeldsrevisjonen, og det er eit klart teikn på at Noreg ikkje har vore så ansvarlege som vi burde ha vore, seier Guro Klausen.

Sjekk ut prinsipp og retningslinjer for ansvarleg utlån frå FN-konferansen for handel og utvikling, UNCTAD, og Garantiinstituttet for eksportkredittar (GIEK, som ofte er ein del av utlån til utviklingsland).

Lån til våpen- og narkotikahandlar og usynleg vindkraftverk?

Revisjonen har vorte gjennomført av rådgjevings- og revisjonsselskapet Deloitte. Dei fann fleire svake låneavtalar:

Indonesia: Vindkraftverk som ikkje levde opp til dei tekniske og kommersielle forventningane (dei vart faktisk ikkje levert i det heile tatt, men det kjem ikkje frem i revisjonen).

Myanmar: Eit skip som vart levert hadde seriøse feil i designet (resten av skipseksportkampanjen, og den gjelda vart sletta i januar i år.)

Pakistan: Lån til ein låntakar som hadde vore anklaga for våpenhandel og narkotikahandel før lånet vart gitt.

Zimbabwe: Lån til ein mottakar som hadde vore anklaga for grov korrupsjon før lånet vart gitt.

Slett den urettferdige gjelda

– Det som er igjen av denne gjelda bør bli sletta, og Noreg må ta sin del av ansvaret for lån som aldri skulle vorte gitt. Det er urettferdig at vi mottak nedbetalingar på lån som ikkje har komme befolkninga til gode, seier Guro Klausen.

Changemaker håpar også at andre land blir inspirert av nybrottsarbeidet i gjeldsspørsmål.

– No er det spennande å sjå korleis myndigheitene vil reagere på gjeldsrevisjonen og korleis dei vil forholde seg til dei faktaa som har komme fram. Dette er første gongen noko slikt har vorte gjort, og vi håper det får andre land til å følgje etter, avsluttar Guro.

Les meir på SLUG sine nettsider og kva regjeringa meiner. Og her er rapporten. Nyt bildet frå 2008 av dåverande utviklingsminister Erik Solheim omkransa av changemakerar då han fekk overlevert 11392 underskrifter som var med på å få til denne gjeldsrevisjonen.